Ferdig liste?
1. Rektangelutval - Vel rektangulære område 2. Ellipseutval - Vel elliptiske eller runde område 3. Frihandsutval - Vel område på frihand 4. Tryllestav - Vel nærliggande område 5. Marker etter farge - Vel område etter farge 6. Saks - Vel former frå biletet 7. Bane - Opprett og rediger banar 8. Fargehentar - Hent farge frå biletet 9. Lupe - Gjer visinga av biletet større eller mindre 10. Mål - Mål avstandar og vinklar 11. Flytt - Flytt lag, utval og hjelpelinjer 12. Beskjer eller endre storleik - Skjer bort deler av biletet eller forandre storleiken på det 13. Roter - Roter laget eller utvalet 14. Skaler - Forstørr eller forminsk laget eller utvalet 15. Forskyv - Forskyv laget eller utvalet 16. Perspektiv - Endre perspektiv for lag eller utval 17. Spegelvend - Spegelvend laget eller utvalet 18. Tekst - Legg til tekst i biletet 19. Fyll - Fyll med ein farge eller eit mønsterelement 20. Fargeovergang - Fyll med ein fargeovergang 21. Blyant - Teikn med harde kantar 22. Målarpensel - Teikn med diffuse strøk 23. Viskelêr - Visk til bakgrunn eller gjennomsikt, eller angre tidlegare visking 24. Luftpensel - Teikn med diffuse strøk og variabel dekkevne 25. Penn - Teikna med blekk og ulike pennesplitter 26. Klon - Teikna ved å kopiere eit mønsterelement eller eit biletområde 27. Slør eller skjerp - Gjer deler av biletet meir diffust eller skarpare 28. Gni ut - Smør ut fargane i biletet 29. Avskygg/etterbelys - Gjer deler av biletet lysare eller mørkare
Alternativ:
Verktøynamn - Hjelpetekst (markering) 1. Rektangelmarkering - Vel rektangulære område 2. Ellipsemarkering - Vel elliptiske eller runde område 3. Frihandsmarkering - Vel område på frihand 4. Tryllestav - Vel nærliggande område 5. Marker etter farge - Vel område etter farge . 11. Flytt - Flytt lag, markeringar og hjelpelinjer . 13. Roter - Roter laget eller markeringa 14. Skaler - Forstørr eller forminsk laget eller markeringa 15. Forskyv - Forskyv laget eller markeringa 16. Perspektiv - Endre perspektiv for lag eller markering 17. Spegelvend - Spegelvend laget eller markeringa
Vi er vel eigentleg samde om å kalla verktøya 1 - 5 for «utvalsvektøy», eller er vi ikkje? Har igjen prøvd ut lista på 15 - 20 personar. Dersom denne undersøkinga hadde vore representativ (noe ho ikkje er!), ser det ut til at folk som driv med opplysning, dvs. pedagogar, journalistar o.l. helst vil bruke «markering» med «vel» i hjelpetekstane (nedste lista), medan andre heller til «utval» (øvste lista). Argumenta for begge syna var svært mykje dei same som vi har sett i dette forumet. Resten av lista var det nær 100% semje om. Skal vi bare hoppe i det og velje det øvste forslaget, eller har vi gløymd noen språklege eller andre argument for å bruke markering/utval? mvh Kolbjørn