Onsdag 23 april 2008 skreiv Christian Lomsdalen:
Hvordan finner jeg forresten amarok i stable? jeg finner den i trunk, men ikke i stable.
Amarok for KDE 4 finst berre i ein ustabil utviklingsversjon, og er altso berre tilgjengelig i kde4-trunk.
For øvrig er Amarok-omsetting noko av det mest utakknemlige ein kan gjera. Amarok-folka ser ikkje ut til å ha *nokon* som helst forståelse for arbeidet omsettarane gjer. Dei byttar vilt mellom at omsettingane skal foregå i trunk eller stable (utan å gje beskjed til omsettarane på nokon som helst måte), gjer omsettarane ingen beskjed om at ei ny utgåve snart kjem, og kan endra tekstane som skal omsettast til siste sekund før programmet er ute (dei fleste andre program har komplett strengfrys på iallfall ei veke eller to før).
Viss du vel å omsetta Amarok, bør du vera villig til å manuelt kopiera omsettingane fram og tilbake mellom trunk og stable etterkvart som Amarok-folk byter omsettingsstad.