Måndag 02 mai 2005 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Verktøytips er litt meir problematisk. Her er det ei blanding mellom heile setningar («Set éin eller fleire kolonnar inn i tabellen.») og enkeltord («Kopier», «Kursiv»). Her er eg ikkje sikker på kva som er best, men å bruka konsekvent punktum *kan* fungera.
Konsekvent punktum etter heile setningar er iallfall ein god idé. Punktum etter enkeltord er ikkje fullt så opplagt, men greitt for min del.
Ein annan ting me bør få rydda opp i, er verbformer/-tider i statuslinjetekst. Skal statuslinjetekst formast som «kommandoar til maskina» eller som skildringar av det som skjer når ein trykker på knappen/menyvalet. Eks.:
Viser eller gøymer toppteksten. Vis eller gøym toppteksten.
Her varierer òg praksisen, men sistnemnte form verkar meir vanleg. (Norske omsettingar av Microsoft-program brukar so vidt eg kan sjå konsekvent første form, sjølv om originaltekstane brukar nummer to.) Her foreslår eg imperativformene (form to), uavhengig av kva originalteksten seier.
Eg er einig, imperativ passar fint. Grammatisk sett er dessutan første forma ufullstendig, sidan setninga manglar subjekt. Denne typen tekstar finst vel minst like ofte i verktøytips som på statuslinja, forresten?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes