Eg ser det varierer veldig kva teiknsetjing som vert brukt (på engelsk) i verktøytips, statuslinjer, programskildringar, bidragsytartekst og andre plassar. Kunne me kanskje klara å få dette konsekvent på norsk?
Først nokre omgrep:
Verktøytips er den (oftast gule) teksten som kjem opp når me held peikaren over eit ikon.
Statuslinjetekst er den teksten som vert vist nedst i vindauget når ein vel ein kommando frå ein meny (og elles).
Programskildring er ei skildring av kva programmet skal brukast til, og vert oftast vist i «Hjelp | Om programnamn»-vindauget.
Bidragsytartekst finn me i same «Om»-vindauge, under fanene «Forfattarar» og «Takk til».
Vanligvis sluttar ein engelsk bidragsytartekst (eks. «Bug fixes») ikkje på punktum, men ofte inneheld han fleire setningar. Då har ein enten punktum i slutten av alle setningane, eller i alle utanom den siste (ser forferdelig ut!). Denne blandinga av setningar med og utan punktum ser lite lekker ut. Eg foreslår derfor at me konsekvent brukar avsluttande punktum i bidragsytartekst.
Det same gjeld programskildringar. Nokre inneheld éin setning, og nokre fleire, og bruk av punktum varierer (på engelsk). Eg foreslår me brukar punktum i alle programskildringar.
Same gjeld òg statuslinjetekst. Her varierer praksisen mellom program (KOffice brukar for eksempel alltid punktum, mens eindel andre program aldri gjer det). Eg foreslår at me alltid brukar punktum her.
Verktøytips er litt meir problematisk. Her er det ei blanding mellom heile setningar («Set éin eller fleire kolonnar inn i tabellen.») og enkeltord («Kopier», «Kursiv»). Her er eg ikkje sikker på kva som er best, men å bruka konsekvent punktum *kan* fungera.
Eg vil understreka at det *ikkje* er ei løysing å følgja den engelske originalteksten, då denne som sagt er veldig inkonsekvent, både i og på tvers av program.
Ein annan ting me bør få rydda opp i, er verbformer/-tider i statuslinjetekst. Skal statuslinjetekst formast som «kommandoar til maskina» eller som skildringar av det som skjer når ein trykker på knappen/menyvalet. Eks.:
Viser eller gøymer toppteksten. Vis eller gøym toppteksten.
Her varierer òg praksisen, men sistnemnte form verkar meir vanleg. (Norske omsettingar av Microsoft-program brukar so vidt eg kan sjå konsekvent første form, sjølv om originaltekstane brukar nummer to.) Her foreslår eg imperativformene (form to), uavhengig av kva originalteksten seier.
Kva kommentarar har de til dette? Eg vil svært gjerne få det (me vert einige i) inn i dei språklige retningslinjene.
mandag 2. mai 2005, 18:06, skrev Karl Ove Hufthammer:
Eg ser det varierer veldig kva teiknsetjing som vert brukt (på engelsk) i verktøytips, statuslinjer, programskildringar, bidragsytartekst og andre plassar. Kunne me kanskje klara å få dette konsekvent på norsk?
Flott!
(...)
Viser eller gøymer toppteksten. Vis eller gøym toppteksten.
Her varierer òg praksisen, men sistnemnte form verkar meir vanleg. (Norske omsettingar av Microsoft-program brukar so vidt eg kan sjå konsekvent første form, sjølv om originaltekstane brukar nummer to.) Her foreslår eg imperativformene (form to), uavhengig av kva originalteksten seier.
Kva kommentarar har de til dette? Eg vil svært gjerne få det (me vert einige i) inn i dei språklige retningslinjene.
Kan se på de andre siden, men her vil jeg bare si at jeg også vil gå inn for alternativ 2, da det virker mer «rett fram», i stil med norsk praksis.
-Axel
On Mon, May 02, 2005 at 06:06:12PM +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg ser det varierer veldig kva teiknsetjing som vert brukt (på engelsk) i verktøytips, statuslinjer, programskildringar, bidragsytartekst og andre plassar. Kunne me kanskje klara å få dette konsekvent på norsk?
[kutt]
Jeg er enig med deg om at vi bør bruke punktum og da selvsagt konsekvent.
Viser eller gøymer toppteksten. Vis eller gøym toppteksten.
Her varierer òg praksisen, men sistnemnte form verkar meir vanleg. (Norske omsettingar av Microsoft-program brukar so vidt eg kan sjå konsekvent første form, sjølv om originaltekstane brukar nummer to.) Her foreslår eg imperativformene (form to), uavhengig av kva originalteksten seier.
[kutt]
Dette er jeg jammen ikke sikker på.
Kva kommentarar har de til dette? Eg vil svært gjerne få det (me vert einige i) inn i dei språklige retningslinjene.
Jeg også.
Hans
Måndag 02 mai 2005 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Verktøytips er litt meir problematisk. Her er det ei blanding mellom heile setningar («Set éin eller fleire kolonnar inn i tabellen.») og enkeltord («Kopier», «Kursiv»). Her er eg ikkje sikker på kva som er best, men å bruka konsekvent punktum *kan* fungera.
Konsekvent punktum etter heile setningar er iallfall ein god idé. Punktum etter enkeltord er ikkje fullt så opplagt, men greitt for min del.
Ein annan ting me bør få rydda opp i, er verbformer/-tider i statuslinjetekst. Skal statuslinjetekst formast som «kommandoar til maskina» eller som skildringar av det som skjer når ein trykker på knappen/menyvalet. Eks.:
Viser eller gøymer toppteksten. Vis eller gøym toppteksten.
Her varierer òg praksisen, men sistnemnte form verkar meir vanleg. (Norske omsettingar av Microsoft-program brukar so vidt eg kan sjå konsekvent første form, sjølv om originaltekstane brukar nummer to.) Her foreslår eg imperativformene (form to), uavhengig av kva originalteksten seier.
Eg er einig, imperativ passar fint. Grammatisk sett er dessutan første forma ufullstendig, sidan setninga manglar subjekt. Denne typen tekstar finst vel minst like ofte i verktøytips som på statuslinja, forresten?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
lørdag 7. mai 2005, 13:17, skrev Gaute Hvoslef Kvalnes:
Måndag 02 mai 2005 18:06 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Verktøytips er litt meir problematisk. Her er det ei blanding mellom heile setningar («Set éin eller fleire kolonnar inn i tabellen.») og enkeltord («Kopier», «Kursiv»). Her er eg ikkje sikker på kva som er best, men å bruka konsekvent punktum *kan* fungera.
Konsekvent punktum etter heile setningar er iallfall ein god idé. Punktum etter enkeltord er ikkje fullt så opplagt, men greitt for min del.
Er litt i tvil om enkeltord med punktum. I menyer regner jeg med det er utelukket, men i tipstekster ... Det enkleste ville kanskje være "utelate punktumet eter enkeltord, med mindre vi vet det er siste ord i en lengre setning som har havnet på en egen streng :-)
I de andre tilfellene er det vel enighet om at vi bruker punktum.
-Axel
Er litt i tvil om enkeltord med punktum. I menyer regner jeg med det er utelukket, men i tipstekster ... Det enkleste ville kanskje være "utelate punktumet eter enkeltord, med mindre vi vet det er siste ord i en lengre setning som har havnet på en egen streng :-)
...og i så fall er vel originalstrengen defekt? I GTP¹ klagar me stadig vekk til programmerarane når dei kløyver strengar.
¹GNOME Translation Project