Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. jan. 2016 18:25:
Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte rektangel» passar ikkje heilt her ;-).
Angåande tydinga: I dataprogram lagar ein av og til ein ny versjon av noko funksjonalitet frå grunnen av (på grunn av at den gamle versjonen var så dårleg gjennomtenkt at det er betre å starta på nytt). Då vert den gamle versjonen kalla «legacy», og det hender at ein tar vare på han, iallfall for ei stund, for eksempel 1) for at sjølv om den nye utgåva av funksjonaliteten *er* betre, støttar ho (enno) ikkje alt den gamle gjorde, eller 2) fordi ein må ha ei viss støtte for den gamle versjonen for å kunna opna dokument som brukar han. (Tilsvarande kan ein snakka om «legacy» filformat.)
Kan det vera tilfellet her?
Ei aktuelle løysing kunne vera å bruka «gammal» eller «utdatert» i parentes etter namnet:
Rektangel (gammal) Sirklar og ellipsar (gammal)
eller
Rektangel (utdatert) Sirklar og ellipsar (utdatert)
Ikkje at det er superforståeleg, men det er då *minst* like forståeleg som dei engelske menyvala! Og så får menyvala ei meir fornuftig plassering (alfabetisk) i menyen enn dei gjer på engelsk.
Føretrekker òg «ellipsar» framfor «ovalar». «Ovals» er noko ein av ein eller annan grunn brukar ein del på engelsk (kanskje for at ein trur det er meir lettforståeleg?), men på norsk er «ellipsar» meir vanleg (og presist!).