I LibreOffice (versjon 5.1 og kanskje tidlegare) er det to verktøylinjer med namnet «Legacy» i: «Legacy Rectangles» og «Legacy Circles and Ovals». (Vis -> Verktøylinjer -> Legacy …).
«Legacy Rectangles» lagar kvadrat og rektangel med eller utan avrunda hjørne, fylt eller berre omrisset. Med «Legacy Circles and Ovals» kan ein teikna sirklar og ellipsar, fylt eller berre omriss. Verktøyet kan også brukast for å laga fylte eller ikkje fylte sektorar, segment og bogar. Alle verktøya kan sjølvsagt lage figurar i valfri storleik.
Det finst også ei anna verktøylinje som inneheld dei same figurane, men då berre i fylt utgåve. Denne verktøylinja er kalla «Enkle former», figurane «rektangel», «ellipse» osv.
Førebels har eg omsett «Legacy» med «Valfrie», men er i tvil. Trengst det eigentleg omsetjing av ordet? Vil «Sirklar og ovalar/ellipsar» og «Rektangel» vere nok?
Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte rektangel» passar ikkje heilt her ;-).
Vurderte også «Tradisjonelle rektangel / sirklar», men finst det utradisjonelle utgåver av desse figurane?
Takksam for hjelp og tips.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. jan. 2016 18:25:
Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte rektangel» passar ikkje heilt her ;-).
Angåande tydinga: I dataprogram lagar ein av og til ein ny versjon av noko funksjonalitet frå grunnen av (på grunn av at den gamle versjonen var så dårleg gjennomtenkt at det er betre å starta på nytt). Då vert den gamle versjonen kalla «legacy», og det hender at ein tar vare på han, iallfall for ei stund, for eksempel 1) for at sjølv om den nye utgåva av funksjonaliteten *er* betre, støttar ho (enno) ikkje alt den gamle gjorde, eller 2) fordi ein må ha ei viss støtte for den gamle versjonen for å kunna opna dokument som brukar han. (Tilsvarande kan ein snakka om «legacy» filformat.)
Kan det vera tilfellet her?
Ei aktuelle løysing kunne vera å bruka «gammal» eller «utdatert» i parentes etter namnet:
Rektangel (gammal) Sirklar og ellipsar (gammal)
eller
Rektangel (utdatert) Sirklar og ellipsar (utdatert)
Ikkje at det er superforståeleg, men det er då *minst* like forståeleg som dei engelske menyvala! Og så får menyvala ei meir fornuftig plassering (alfabetisk) i menyen enn dei gjer på engelsk.
Føretrekker òg «ellipsar» framfor «ovalar». «Ovals» er noko ein av ein eller annan grunn brukar ein del på engelsk (kanskje for at ein trur det er meir lettforståeleg?), men på norsk er «ellipsar» meir vanleg (og presist!).
Den 31.01.2016 19:01, Karl Ove Hufthammer skreiv:

Ja, det var den bruken av legacy eg tenkte på. For å finne ut om dette er tilfellet her, må eg installere eldre versjonar av LibreOffice, og det er eg for doven til.

Eg har ikkje funne nyare versjonar av desse funksjonane. Så kvifor programutviklarane har funne det nødvendig å presisere at funksjonane er utdaterte, tradisjonelle, gammaldagse el. l. veit eg ikkje. Skal legge ut spørsmålet på utviklarforumet. Kanskje det finst ei fornuftig forklaring.
Førebels har eg altså brukt ordet «valfrie» som «omsetjing» av «legacy». Dette fordi storleik og utforming av figurane kan bestemmast av brukaren.

Ja, eg har brukt ellipse, ikkje oval. Takk for svar. Helsing Kolbjørn
Fekk svar frå eit omsetjarforum.
«Legacy» viser i dette tilfellet til ein metode som var brukt tidlegare i LibreOffice for å lage rektangel og sirklar osv. Metoden er ikkje nødvendigvis gammaldags, men er altså i dei fleste tilfella erstatta av ein annan metode.
Så då går eg likevel for forslaga dine. Altså
Rektangel (gammal) Sirklar og ellipsar (gammal)
Må tenke litt over om «gammal» eventuelt bør erstattast med noko anna, f.eks. «gammal/eldre metode» eller liknande. Tar gjerne i mot tips.
Det er fleire «Legacy» i originalteksten, men desse er brukte på «Legacy Mac Bitmap» og andre Mac-program/filer. Desse har eg rekna skal omsetjast med «eldre utgåver».
Helsing Kolbjørn
Den 01.02.2016 12:36, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
Den 31.01.2016 19:01, Karl Ove Hufthammer skreiv:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. jan. 2016 18:25:
Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte rektangel» passar ikkje heilt her ;-).
Angåande tydinga: I dataprogram lagar ein av og til ein ny versjon av noko funksjonalitet frå grunnen av (på grunn av at den gamle versjonen var så dårleg gjennomtenkt at det er betre å starta på nytt). Då vert den gamle versjonen kalla «legacy», og det hender at ein tar vare på han, iallfall for ei stund, for eksempel 1) for at sjølv om den nye utgåva av funksjonaliteten *er* betre, støttar ho (enno) ikkje alt den gamle gjorde, eller 2) fordi ein må ha ei viss støtte for den gamle versjonen for å kunna opna dokument som brukar han. (Tilsvarande kan ein snakka om «legacy» filformat.)
Kan det vera tilfellet her?
Ja, det var den bruken av legacy eg tenkte på. For å finne ut om dette er tilfellet her, må eg installere eldre versjonar av LibreOffice, og det er eg for doven til.
Ei aktuelle løysing kunne vera å bruka «gammal» eller «utdatert» i parentes etter namnet:
Rektangel (gammal) Sirklar og ellipsar (gammal)
eller
Rektangel (utdatert) Sirklar og ellipsar (utdatert)
Ikkje at det er superforståeleg, men det er då *minst* like forståeleg som dei engelske menyvala! Og så får menyvala ei meir fornuftig plassering (alfabetisk) i menyen enn dei gjer på engelsk.
Eg har ikkje funne nyare versjonar av desse funksjonane. Så kvifor programutviklarane har funne det nødvendig å presisere at funksjonane er utdaterte, tradisjonelle, gammaldagse el. l. veit eg ikkje. Skal legge ut spørsmålet på utviklarforumet. Kanskje det finst ei fornuftig forklaring.
Førebels har eg altså brukt ordet «valfrie» som «omsetjing» av «legacy». Dette fordi storleik og utforming av figurane kan bestemmast av brukaren.
Føretrekker òg «ellipsar» framfor «ovalar». «Ovals» er noko ein av ein eller annan grunn brukar ein del på engelsk (kanskje for at ein trur det er meir lettforståeleg?), men på norsk er «ellipsar» meir vanleg (og presist!).
Ja, eg har brukt ellipse, ikkje oval. Takk for svar. Helsing Kolbjørn
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
2016-02-01 16:35 GMT+01:00 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no:
Må tenke litt over om «gammal» eventuelt bør erstattast med noko anna, f.eks. «gammal/eldre metode» eller liknande. Tar gjerne i mot tips.
Utdatert er vel et nogenlunde dekkende ord for legacy.
Mvh Håkon Løvdal
mandag 1. februar 2016 23.56.31 CET skrev Håkon Løvdal:

Overhodet ikke. Bedre ord er arv eller gave, jamfør legat. Ting som er arvet kan jo ofte være gamle, med det kan de være uten å være utdaterte.
Forøvrig finner jeg ikke disse verktøylinjene i versjon 5.0.2 så det er vel noe nytt (gammelt?) i 5.1 Kan det være dette: https://smehrbrodt.wordpress.com/2015/11/24/improving-the-toolbars-in-libreo... (se Allowing more flexible layout)
I så fall vil jeg foreslå at du bruker «klassisk» istedenfor «gammel».
Mvh Håkon Løvdal
Den 02.02.2016 03:58, Kjetil Kilhavn skreiv:
mandag 1. februar 2016 23.56.31 CET skrev Håkon Løvdal:
2016-02-01 16:35 GMT+01:00 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no:
Må tenke litt over om «gammal» eventuelt bør erstattast med noko anna, f.eks. «gammal/eldre metode» eller liknande. Tar gjerne i mot tips.
Utdatert er vel et nogenlunde dekkende ord for legacy.
Overhodet ikke. Bedre ord er arv eller gave, jamfør legat. Ting som er arvet kan jo ofte være gamle, med det kan de være uten å være utdaterte.
Forøvrig finner jeg ikke disse verktøylinjene i versjon 5.0.2 så det er vel noe nytt (gammelt?) i 5.1
Sorry. Eg gløymde å skrive at dei er brukte i presentasjonar og teikningar. (Fil -> Ny -> Presentasjon/Teikning og deretter Vis -> Verktøylinjer). Verktøya finst ikkje i grensesnitt-filene for versjon 5.0, så truleg nye i versjon 5.1.
Kan det være dette: https://smehrbrodt.wordpress.com/2015/11/24/improving-the-toolbars-in-libreo... (se Allowing more flexible layout)
I så fall vil jeg foreslå at du bruker «klassisk» istedenfor «gammel».
Dette gjeld standard verktøylinjer, men det kan sjå ut til at forslaget ditt, «klassisk», er det som passar best også i denne samanhengen. Teiknemåten er arva frå tidlegare versjonar.
«Utdatert» kan passa når det gjeld "Legacy App/File" (jfr. Karl Ove Tufthammer si forklaring), men ikkje så godt i denne samanhengen.
Takkar for alle tilbakemeldingar. Er glad for all hjelp.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
Mvh Håkon Løvdal