Ut frå dei tidlegare argument ser det ut til at SAMANDRAG() er det mest passande namnet på funksjonen. Eg set inn difor inn SAMANDRAG() som funksjonsnamn i nynorskversjonen av Calc (reknearket i LibreOffice), men kan endre det om noen protesterer.
Så får eg vurdere korleis eksempla på bruken av funksjonen og hjelpfilene skal omsetjast i høve til dette. Truleg må/vil eg bruke aggregat i noen tilfelle der eg meiner det passar ut frå forklaringane som særleg Karl Ove Hufthammer har kome med. Kan hende eg må be om hjelp igjen på ein del av forklaringane og eksempla.
Takk til alle for hjelpa.
Helsing Kolbjørn Stuestøl