Kevin Brubeck Unhammer via l10n-no skreiv 24.09.2026 11:31:
God idé med dei videoane! Den «Omsetjing i praksis» var spesielt fin for å visa korleis du tenker når du omset.
Eg klarer ikkje å finna på noko å kritisera utover at det gjerne kunne vore fleire videoar 🙂 Ein kunne t.d. lurt på korleis ein installerer omsetjingsverktøy, testar omsetjingane, koordinerer med andre omsetjarar eller sender bidrag oppstraums.
Takk for tilbakemelding. Ja, nokre av dette kan eg prøva å laga videoar om. Når det gjeld installering og sånt, som krev inntasting av nøyaktige kommandoar, trur eg det er betre med tekstlege rettleiingar, slik at ein kan kopiera kommandoane direkte. Og det jo òg nokre ting som er distrospesifikke, og der er det vanskeleg å laga generelle rettleiingar.