Det vert frå tid til anna hevda at nynorsken etter kvart får eit sterkare «vestlandspreg», av di det såkalla kjerneområdet har tyngdepunktet i den nemnde landsdelen. Kunnskapslaus som eg er, så tillèt eg meg å lata magen min spørja om framlegget frå Gaute H. K. er eit utslag av dei nemnde tendensane.
Er td. «klarte ikkje lesa» (utan «å») rekna for å vera god norsk? Svar udbedes ...
-Herman
(Og kva med «klarte»? Er ikkje «greidde» betre? Eg skal ikkje trekkja dette spørsmålet lenger, for det vart vel drøft i fjor haust òg.)
Gaute Hvoslef Kvalnes skreiv:
Laurdag 28. september 2002 17:51 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Vart me einige om formuleringa «Klarte ikkje å xxx» versus «Klarte ikkje xxx»? Eg fann ikkje noko om dette i retningslinjene.
Eg brukar heilt konsekvent «Klarte ikkje» utan «å», og synest me godt kan bestemma oss for å bruka det overalt.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn