On Tue, Jan 6, 2009 at 9:35 AM, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no wrote:
On Tue, 2009-01-06 at 01:18 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva vil det seia? Vert GNOME vedlikehalden i Launchpad eller utanfor?
utanfor, men sidan det har vore laber aktivitet og varierande kvalitet, er det ikkje heilt usannsynleg at det finnest arbeid som er verdt å take vare på i Launchpad.
Eg har omsett ein del i Launchpad, av di det er enkelt å koma i gang og gjera noko. Har òg sendt det vidare i målungdomen so eit par har jo ein del omsetjingar der.
Det er so vanskeleg med dei andre systema. Prosessen har ikkje bidrege til at «alle kan gjera litt». No vert det heldigvis litt betre med at prosjekt byrjar bruka Pootle.
Då eg fann ut at Gnome ikkje likte Rosetta-omsetjingane slutta eg heilt. No omset eg berre direkte oppstraums, t.d. til Laconica (http://laconi.ca/pootle/projects/laconica/).
NB: Forresten moro at eg skreiv oppstraums, og so var ordet registrert i Firefox-ordboki. Men han tok ikkje systemene->systema.