On søn, 2004-10-03 at 19:05 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Håvard Korsvoll korsvoll@skulelinux.no skreiv i innlegget news:0341AE58-1015-11D9-8D2A-000A95CD402E@skulelinux.no:
Om omsetjinga. Eg føreslår at vi brukar uttrykket nettarkiv om «mirror». Så «Debian mirror» blir Debian-nettarkiv. Dette er no konsekvent på nynorsk.
Ja, eg likar uttrykket. Eg har brukt «spegel» til no, men vil gå over til «nettarkiv» om ingen protesterer.
"spegel" er kanskje ikkje ideelt, men eg synest ikkje "nettarkiv" er noka forbetring. for meg tyder eit "arkiv" ein stad der ein tek vare på gamle dokument og bøker. det er ikkje tilfellet her, ein "spegel" er ei eksakt avbildning av eit _anna_ filarkiv, gamle filer vil slettast når dei vert sletta på den opprinnelege kjelda.
Dette er så nærliggjande likt i tyding at for brukaren har dette svært lite å seie. Eg synes nettarkiv dekkjer uttrykket godt nok, og det er lett å forstå. Nærarkiv kan lettare mistydast. Håvard