Sundag 29. juni 2008 skreiv Karl Ove Hufthammer:
http://article.gmane.org/gmane.comp.kde.devel.internationalization-and-docum...
Kort sagt går det ut på at me brukar filer som er unionen med kde4-stable og kde4-trunk, og at desse vert automatisk splitta. Eg skal no prøva å setja opp dette systemet for oss.
Etter mykje stress trur eg endelig alt¹ er i orden. Ting er i prinsippet mykje enklare no:
All omsetting føregår akkurat som før, men no i mappa «i18n/kde4/[språkkode]». Som de ser, er det *mange* nye tekstar å setta om, både for bokmål og nynorsk.
Sei ifrå her på lista om de har spørsmål, eller om det er noko som ikkje fungerer.
¹ Med unntak av filer i «data/», som eg for tida ikkje synkroniserer med KDE.