* Karl Ove Hufthammer (05.08.2008 22:12):
For problemet -ar/-er og -de/te, skreiv eg inn dei følgjande avsnitta. Merk spesielt at me no konsekvent brukar «blanda bøying» for «å bruka» i KDE, men brukar automatisk «søk og byt ut» på filene før dei vert sende inn til KDE. (Det er ikkje lov å bruka blanda bøying, men kanskje vert det det i neste nynorsknormal?) «Å bruka» er for øvrig det einaste ordet me har blanda bøying på. Er det andre me bør ha det på («å klara», kanskje?)
Lista over ord som har blanda bøying i nynorsk.org-normalen følgjer. Sidan intensjonen er at nynorsk.org skal følgje læreboknormalen, vurderer eg å leggje desse i dvale ved å bruke -er i presens inntil vidare. Mange av desse orda er lite frekvente, ikkje minst i dataprogram. Desse er vel dei mest aktuelle: bruke, klare (forklare), leike, like, skape, spare, spele, tale (betale), tape, tvile. Under følgjer den komplette lista, utan samansette ord:
Erik
ane ape bake bile bruke bruse buse dale dreise fike file gane gape gise glane gnise gruse hale heise huse håpe ise jule jåle kile kise klare klore knise koke kose kraule kruse kule leike like luke lòse lóse mane mine ose peise prise rane rape rope rose seise sile skape skjøne skråle skrøne skåle slepe slipe smake smeise sneise snuse sope spare speile spele stane stile stole stråle suse svare tale tape tine tvile ule vræle åle