Petter Reinholdtsen wrote:
Kan noen modige sjeler teste URL:http://developer.skolelinux.no/~pere/debian/no_NO-pack.zip og melde fra om den fungerer eller ikke? Jeg vet ikke hvilke OOo-versjoner originalen fungerer for, og dermed heller ikke hvilke denne nye fungerer for.
Hei
Eg har prøvd denne stavekontrollpakka. Den ser ut til å fungere på OO 2.0.1. Eg får ikkje vegvisaren for installasjon av ordbøker til å fungere. Men eg kopierte dei inn manuelt og dei fungerer.
Eg kan jo informere at den nynorske stavekontrollen blei dramatisk betre med desse ordlistene. Den som fulgte med Openoffice 2.0.1 på KUbuntu har ein lei feil ved at alle samansette ord har bindestrek. Dette er ikkje tilfelle med denne nye ordlista. I tillegg ser eg at storleiken på ordlistene (både bokmål og nynorsk) er omlag 1/4 av dei som låg inne frå før. Om dette betyr at omfanget av ord er mindre eller at ordlista er meir kompakt med tanke på ordsamansetjingar veit eg ikkje. Håvard