Gaute Hvoslef Kvalnes ai98ghk@stud.hib.no writes:
Jau, det kan godt henda det er smør på flesk. Eg er på tynn is teknisk sett, men er ikkje ein daemon vanlegvis 'meir' i bakgrunnen (meir usynleg) enn ein server? (Det må jo vera ein grunn til at det er to ulike engelske ord, eller?)
Eg oppfattar «daemon» som eit konkret program eller (Unix-)prosess, medan «server» er eit system (som består av maskinvare og/eller programvare) som leverer ei teneste. (Derfor foreslo eg «tenarprosess» som omsetjing av «daemon».)
Ein tradisjonell daemon skal forke ut og lage si eiga prosessgruppe for å unngå SIGHUP. Han skal stengje stdin/stdout/stderr og logge til syslog(). Han skal køyre heile tida. Men slike tekniske kriterium trur eg eigentleg ikkje hjelper oss så veldig.
Kjetil T.