Kjetil Torgrim Homme skreiv 10.07.2026 22:53:
Den 10.07.2026 22:05, skreiv kjetil@sorlund.no via l10n-no:
Har likevel et bar forslag til endringer Trigger oversettes avtrekker. Burde det ikke bli avtrekkerknapp?
eg lurte også på det.
Det er litt langt, men me kan godt bruka det. At knappen (som eigentleg er ein akse, ikkje ein knapp) ser ut / kjennest som ein avtrekkjar, er jo òg bakgrunnen til namnegjevinga på engelsk. Eg skal oppdatera dokumentet og illustrasjonen.
la også merke til at skjermbiletet nedst på sida hadde feil omsetjing av tommelspak, dvs. "analog styrespak".
Ja, eg skal oppdatera omsetjingane og skjermbileta når alle orda er avklarte.
Guide er forsåvidt et greit norsk orde, men kan veiviser, veileder eller kanskje oversikt være gode ord, eller drar jeg det for langt nå?
har ikkje sett nokon kontroller med den knappen, men eg tenkjer at sidan "guide" er eit veletablert norsk ord (Språkrådets "gaid"-staving gløymer vi), vil det berre skape forvirring å bruke eit anna ord.
Eg likar eigentleg stavinga «gaid».
Men ja, det er best å bruka «Guide» framfor «Veiviser», «Veileder» o.l. Namna på slike spesialknappar på spelkontrollarar seier eigentleg veldig lite om kva knappane *gjer*. Dei kan ha ulike funksjonar i ulike spel. Knappen «Select» kan for eksempel fungera som tilbakeknapp eller ein «opna meny»-knapp, ikkje berre som veljeknapp.
Elles er Guide-knappen typisk knappen som har logo på seg. Så eg bør vel leggja til «Guide» på illustrasjonen også («Guide» er der den runde «PS»-knappen).