ty. den 19. 08. 2025 klokka 19.27 (+0200) skreiv Kjetil Torgrim Homme:
både GitHub og GitLab brukar "slug" om sti-delen av URL-en til prosjektet eller pipeline (kva ord skal vi bruke der, forresten?),
CI = Continuous Integration. her er det nok uheldig å omsetje med Kontinuerleg integrasjon sidan KI allereie er oppteke :). CD-delen av CI/CD (altså "deployment") har eg inntrykk av vert mindre og mindre brukt, så eg trur vi kan nøye oss med éin term for begge delar. "Fortløpande igangsetjing"?
i Fellesordlista står det:
continuous build server tjener for fortløpende bygging
så er det "pipeline"-delen. det er ei samling av jobbar/oppgåver som skal køyre når ei endring skjer. dei kan vere uavhengig av kvarandre, eller dei kan trenge resultat frå ein forutgåande jobb. det er altså noko heilt anna enn ein klassisk Unix pipeline. dei fleste pipelines er delt inn i fleire fasar, typisk "pre", "build", "test" og "deploy".
eit trivielt eksempel:
```yaml --- stages: - build - test - deploy
build software: stage: build script: - make
test software: stage: test script: - make test
deploy software: stage: deploy script: - make install ```
her er `stages` eit direktiv som definerer namna på faser som skal finnest og i kva rekkefylgje dei skal køyre. standardoppførsel er at alle jobbar i ein fase må vere vellukka før jobbar i neste fase vert starta.
her er det altså tre jobbar ("jobs"), i kvar sin fase ("stage").
eitt mogleg namn på pipeline kan vere "jobbsekvens", men eg har ikkje tenkt mykje på dette.
i Fellesordlista står det:
pipeline kommandokø, kanal
"kommandokø" er forsåvidt akseptabelt det også, men det er ingen favoritt hos meg.