Hei
Dessverre er ikkje ordlistene våre så avanserte at dei er delt opp i ulike rettskrivingsnormer. Sjølv om dette er fullt mogeleg teknisk, så står svært mykje arbeid att å få til noko slikt.
Det vi *kan* gjere er å lage ei liste som inneheld alle lovlege skrivemåtar. Så eg trur vi skal sikte oss mot det i denne omgang.
Den enklaste måten å utvide ordlista er som sagt å køyre stavekontroll på nynorskdokument. Eg kan leggje inn lister med ord i databasen, så viss de gjer slik som Petter har gjort, kan de godt sende ei tekstfil til meg som inneheld eitt ord på kvar linje. Så kan eg leggje orda inn i databasen med dykkar namn og e-postadresse.
Når vi så har utvida databasen ein del, kan eg og Petter hente inn alle dei nye oppføringane og lage ein ny versjon av stavekontrollane.
Helsing Håvard
On 2/6/07, Odin Omdal Hørthe odin.omdal@gmail.com wrote:
On 2/6/07, Petter Reinholdtsen pere@hungry.com wrote:
betydning bidrar einskildes eksempelvis forskjellige gjenfinne glasskula inkluderande kjente konkurransefortrinn landas leggje ligge mediebrukarar menneskja mogleggjerar realfagskompetanse samfunnstryggleik trykkingas tverrsektorielt vareta virkemiddelapparata
Diverre ser alt dette ut som lovlege ord i dagens nynorsk, men unnatak av «gjenfinne» (finna att)... Forresten so manglar «finna».Usikker på «tverrsektorielt». Mykje er sideformer og/eller dårleg nynorsk. Byråkratnynorsk. Men diverre heng dei raraste ting att frå samnorsktidi, som nynorsken aldri hev redda seg opp frå.
Det offentlege er /dårleg/ til å skriva nynorsk. Det er mange ord som manglar i ordlista nett no, eg finn mange kvar dag. «Betydning» er forsåvidt i nynorskordboka; men det er eit dårleg ord - betre å nytta «tyding», «meining» i dei høve me plar nytta «betydning». Anbeheitelse-ordi er tulleord ;-)
At leggja/leggje og liggja (men liggjE finst, rart at -a verb ikkje vert oppdatert likt saman med -e-verb(?).) ikkje finst i ordboka er annleis - dei lyt vera der. Dette er nokon av dei ordi eg undrar meg kvifor ikkje er i ordlista. Ligge, som du hev i lista di, er óg del av offisiell nynorsk - so den lyt vera med, sjølv um det er ein del av denne fantastisk trøyttande/plagsame «valfridomen» til å skriva ordi på 10.000 forskjellege måtar i den noverande nynorsk-rettskrivingi.
liggja/liggje ligg låg lege/legi -- heile bøyingsformi ligg inne, utanom liggja. leggja/leggje legg la/lagde lagt -- her manglar båe infinitivsformene.
Forresten, er det ein måte å markera «dårlege» ord, og ord som er sideformer? Skulebøker og offentlege dokument skal ikkje nytta seg av sideformer, so om me legg inn sideformer so vert ordboka mindre nyttig for slike høve.
Ein annan nyttig ting hadde vore å kunna velja (velja manglar, og er offisielt nn-ord) um ein skulle skriva skulenormal, nytta a- eller e-infinitiv, skriva i-mål og/eller ikkje ville nytta samnorske ord. Men det vert ganske umogleg med den informasjonen me hev um ordi no (vil eg tru). -- Beste helsing, Odin Hørthe Omdal odin.omdal@gmail.com http://www.velmont.net
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no