On 2/6/07, Petter Reinholdtsen pere@hungry.com wrote:
betydning bidrar einskildes eksempelvis forskjellige gjenfinne glasskula inkluderande kjente konkurransefortrinn landas leggje ligge mediebrukarar menneskja mogleggjerar realfagskompetanse samfunnstryggleik trykkingas tverrsektorielt vareta virkemiddelapparata
Diverre ser alt dette ut som lovlege ord i dagens nynorsk, men unnatak av «gjenfinne» (finna att)... Forresten so manglar «finna».Usikker på «tverrsektorielt». Mykje er sideformer og/eller dårleg nynorsk. Byråkratnynorsk. Men diverre heng dei raraste ting att frå samnorsktidi, som nynorsken aldri hev redda seg opp frå.
Det offentlege er /dårleg/ til å skriva nynorsk. Det er mange ord som manglar i ordlista nett no, eg finn mange kvar dag. «Betydning» er forsåvidt i nynorskordboka; men det er eit dårleg ord - betre å nytta «tyding», «meining» i dei høve me plar nytta «betydning». Anbeheitelse-ordi er tulleord ;-)
At leggja/leggje og liggja (men liggjE finst, rart at -a verb ikkje vert oppdatert likt saman med -e-verb(?).) ikkje finst i ordboka er annleis - dei lyt vera der. Dette er nokon av dei ordi eg undrar meg kvifor ikkje er i ordlista. Ligge, som du hev i lista di, er óg del av offisiell nynorsk - so den lyt vera med, sjølv um det er ein del av denne fantastisk trøyttande/plagsame «valfridomen» til å skriva ordi på 10.000 forskjellege måtar i den noverande nynorsk-rettskrivingi.
liggja/liggje ligg låg lege/legi -- heile bøyingsformi ligg inne, utanom liggja. leggja/leggje legg la/lagde lagt -- her manglar båe infinitivsformene.
Forresten, er det ein måte å markera «dårlege» ord, og ord som er sideformer? Skulebøker og offentlege dokument skal ikkje nytta seg av sideformer, so om me legg inn sideformer so vert ordboka mindre nyttig for slike høve.
Ein annan nyttig ting hadde vore å kunna velja (velja manglar, og er offisielt nn-ord) um ein skulle skriva skulenormal, nytta a- eller e-infinitiv, skriva i-mål og/eller ikkje ville nytta samnorske ord. Men det vert ganske umogleg med den informasjonen me hev um ordi no (vil eg tru). -- Beste helsing, Odin Hørthe Omdal odin.omdal@gmail.com http://www.velmont.net
Hei
Dessverre er ikkje ordlistene våre så avanserte at dei er delt opp i ulike rettskrivingsnormer. Sjølv om dette er fullt mogeleg teknisk, så står svært mykje arbeid att å få til noko slikt.
Det vi *kan* gjere er å lage ei liste som inneheld alle lovlege skrivemåtar. Så eg trur vi skal sikte oss mot det i denne omgang.
Den enklaste måten å utvide ordlista er som sagt å køyre stavekontroll på nynorskdokument. Eg kan leggje inn lister med ord i databasen, så viss de gjer slik som Petter har gjort, kan de godt sende ei tekstfil til meg som inneheld eitt ord på kvar linje. Så kan eg leggje orda inn i databasen med dykkar namn og e-postadresse.
Når vi så har utvida databasen ein del, kan eg og Petter hente inn alle dei nye oppføringane og lage ein ny versjon av stavekontrollane.
Helsing Håvard
On 2/6/07, Odin Omdal Hørthe odin.omdal@gmail.com wrote:
On 2/6/07, Petter Reinholdtsen pere@hungry.com wrote:
betydning bidrar einskildes eksempelvis forskjellige gjenfinne glasskula inkluderande kjente konkurransefortrinn landas leggje ligge mediebrukarar menneskja mogleggjerar realfagskompetanse samfunnstryggleik trykkingas tverrsektorielt vareta virkemiddelapparata
Diverre ser alt dette ut som lovlege ord i dagens nynorsk, men unnatak av «gjenfinne» (finna att)... Forresten so manglar «finna».Usikker på «tverrsektorielt». Mykje er sideformer og/eller dårleg nynorsk. Byråkratnynorsk. Men diverre heng dei raraste ting att frå samnorsktidi, som nynorsken aldri hev redda seg opp frå.
Det offentlege er /dårleg/ til å skriva nynorsk. Det er mange ord som manglar i ordlista nett no, eg finn mange kvar dag. «Betydning» er forsåvidt i nynorskordboka; men det er eit dårleg ord - betre å nytta «tyding», «meining» i dei høve me plar nytta «betydning». Anbeheitelse-ordi er tulleord ;-)
At leggja/leggje og liggja (men liggjE finst, rart at -a verb ikkje vert oppdatert likt saman med -e-verb(?).) ikkje finst i ordboka er annleis - dei lyt vera der. Dette er nokon av dei ordi eg undrar meg kvifor ikkje er i ordlista. Ligge, som du hev i lista di, er óg del av offisiell nynorsk - so den lyt vera med, sjølv um det er ein del av denne fantastisk trøyttande/plagsame «valfridomen» til å skriva ordi på 10.000 forskjellege måtar i den noverande nynorsk-rettskrivingi.
liggja/liggje ligg låg lege/legi -- heile bøyingsformi ligg inne, utanom liggja. leggja/leggje legg la/lagde lagt -- her manglar båe infinitivsformene.
Forresten, er det ein måte å markera «dårlege» ord, og ord som er sideformer? Skulebøker og offentlege dokument skal ikkje nytta seg av sideformer, so om me legg inn sideformer so vert ordboka mindre nyttig for slike høve.
Ein annan nyttig ting hadde vore å kunna velja (velja manglar, og er offisielt nn-ord) um ein skulle skriva skulenormal, nytta a- eller e-infinitiv, skriva i-mål og/eller ikkje ville nytta samnorske ord. Men det vert ganske umogleg med den informasjonen me hev um ordi no (vil eg tru). -- Beste helsing, Odin Hørthe Omdal odin.omdal@gmail.com http://www.velmont.net
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Tysdag 06 februar 2007 10:22 skreiv Odin Omdal Hørthe:
Mykje er sideformer og/eller dårleg nynorsk. Byråkratnynorsk.
Litt uheldig ordval. Viss det er ekte byråkratnynorsk, skal det *ikkje* vera sideformer. Byråkratar får som kjent ikkje bruka nynorknormalen, men må helda seg til læreboknormalen.
At leggja/leggje og liggja (men liggjE finst, rart at -a verb ikkje vert oppdatert likt saman med -e-verb(?).)
Ja. Dei færraste e-verba finst som a-verb i ordlista, sjølv om *alle* verb som sluttar på «e» kan slutta på «a» i nynorsk. Tilsvarande problem er det med lig-endinga. Alle ord som sluttar på «leg» kan slutta på «lig» (omvendt gjeld ikkje, f.eks. «forskjellig», som ikkje kan heita «forskjelleg»).
Forresten, er det ein måte å markera «dårlege» ord, og ord som er sideformer? Skulebøker og offentlege dokument skal ikkje nytta seg av sideformer, so om me legg inn sideformer so vert ordboka mindre nyttig for slike høve.
I bokmål er skiljet mellom sideformer og hovudformer oppheva; alt er «bokmål». Det er langt frå utenkelig at noko slikt òg vil skje med nynorsk. Eg er einig i at det hadde vore kjekt å ha to nynorskordlister – ei med alle nynorskorda, og éi med berre læreboknormalen. (På engelsk har ein éi britisk ispell-ordbok med -ize-endingar, éi med -ise-endingar, og éi med begge.) Men kommersielle stavekontrollar har ikkje eit slikt skille på norsk, so det er ikkje noko me *må* ha.
Ein annan nyttig ting hadde vore å kunna velja (velja manglar, og er offisielt nn-ord) um ein skulle skriva skulenormal, nytta a- eller e-infinitiv, skriva i-mål og/eller ikkje ville nytta samnorske ord.
Ja. Kommersielt har gjerne slike ting inngått i grammatikk- og stilkontrollar, og ikkje i stavekontrollane.
[Karl Ove Hufthammer]
I bokmål er skiljet mellom sideformer og hovudformer oppheva; alt er «bokmål». Det er langt frå utenkelig at noko slikt òg vil skje med nynorsk. Eg er einig i at det hadde vore kjekt å ha to nynorskordlister ??? ei med alle nynorskorda, og éi med berre læreboknormalen. (På engelsk har ein éi britisk ispell-ordbok med -ize-endingar, éi med -ise-endingar, og éi med begge.) Men kommersielle stavekontrollar har ikkje eit slikt skille på norsk, so det er ikkje noko me *må* ha.
Jeg tror det skulle være overkommelig å håndtere det i byggingen av stavekontrollen, ved å innføre en ordklasse til for nynorsk. I dag er nynorskord markert med '*' i norsk.words, mens bokmålsord har flere markører som A, B, K. Det skulle være overkommelig å markere nynorskord med f.eks. % i tillegg, for en annen nynorsk-klasse.
Jobben blir naturlig nok å tagge opp ordene med den nye klassen. Korrekturlesingsopplegget har i dag ikke god støtte for slikt, så det må antagelig implementeres før vi kan gå på det. :)
Her er forresten en bunke ord som finnes i nynorsk stavekontroll men som ikke er ansett som gode ord av no.speling.org. Ingen anelse om hvorfor, men kanskje noen dere vil vurdere å legge inn på no.speling.org?
LP avdal bodoni eksproprieringa evangelisklutherske fagfellevurdering fagfellevurdert forkjæling forkjælinga forkjælt forkjælte fullast fullaste gulliver gòv hydraer høns innalandsreisene intelligible kraminga lykkønskje lærsolar midsideoppslag måleløp måleløpa måleløpet måleløpets nyzealending nøle overfôre pianistinne rundsteler sirkumferens skruvstikka solurene solurets valår vernedrakte års økonomipartnerar øks øm øsen øst østfold øver øy øyde
Tilsvarende, her er ord som er godkjent på no.speling.org, og som ikke er markert som nynorsk-ord i norsk.word:
Kyrksæter Vikingskip forbruks=baserte fåre gåv håns jante kjøpmanns meterbylgja meterbylgje nåle Åm Års Ås Åsen Øks Øre Øst Østfold Øver Øy Øyde
Disse listene er innholdet i speling-new.nn og speling-missing.nn etter å ha kjørt 'make speling-new.nn' i kildekodetreet til stavekontrollen.
Vennlig hilsen,