From: Kolbjørn Stuestøl [kol-stue@online.no] Sent: 2009-01-15 23:12:59 CET To: Forum for omsetjing av fri programvare til norsk [i18n-no@lister.ping.uio.no] Subject: [i18n-no] Tutorial
I Fellesordlista er «tutorial» omsett med «innføring, gjennomgang, opplæring, øvingshefte». I svært mange tilfelle i vanleg språkbruk er «tutorial» brukt også på norsk (t.d. i http://www.gimp.no/ . Finst det noe dekkande ord her? Stort sett er «tutorials», i den samanhengen eg har bruk for det, små opplæringssnuttar som viser korleis ein utfører ein liten bit av eit større emne. Korleis utføre ein bestemt funksjon, korleis bruke eitt bestemt verktøy (utan å ta føre seg alle typar andre verktøy som måtte finnast) osv. Opplæringsbitane kan vere filmsekvensar eller skrivne dokument, eller ei blanding. Tekstdokumenta er gjerne rikt illustrerte med detaljar som viser dei ulike stega i prosessen. Noen forslag? Helsing Kolbjørn Stuestøl
Spontant ville eg seie at "innføring" er det beste ordet. "Opplæring" er også OK. "Tutorial" kan ikkje brukast på norsk.
Jon Grepstad