Den 18. mai. 2009 kl. 13.59 skrev Axel Bojer:
Den ville vel vært lettere å finne om noen la den ut sammen med de andre utvidelsene, altså på http://extensions.services.openoffice.org
Om eg ikkje tek heilt feil, ligg ho/det der, eg veit Børre Gaup nar lagt ut utvidinga/tillegget på ein plass folk kan venta å finna OOo- utvidingar/tillegg.
Det bør nemnast at dette er ikkje er ein heilt ferdig versjon, men beta 7. Versjonen bør vera heilt ok, men det finst ein del språklege feil, særleg knytta til ulike typar av samansette ord.
Som nemnt før på denne lista, så kjem vi ikkje til å gjera meir for å forbetra Hunspell-versjonen. Vi vil i staden arbeida i lag med språkteknologimiljøet ved Helsingfors universitet med å laga ein stavekontroll bygd på HFST-teknologien [1].
Desse språka bør sjølvsagt vera med. Dersom OOo blir sein med meir enn 5-6 stavekontrollspråk, burde det vel vera nok å slå av språka? Dvs levert og installert, men ikkje aktive. Det er vel mogleg?
Vet ikke, skal prøve å finne det ut
Fint:)
Beste helsing Sjur
[1] - HFST = Helsinki Finite State Transducer. Transdusarar er den leiande teknologien for å analysera morfologirike språk (dvs språk med mykje bøying, avleiing og/eller fri samansetjing av ord), men fungerer sjølvsagt like godt til språk med enklare morfologi. Divvun-prosjektet har alt avtala eit samarbeid med miljøet ved Helsingfors universitet om å utvikla ein stavekontroll basert på denne teknologien, men det er for tidleg å seia noko om når stavekontrollen er ferdig. Resultatet bør i alle fall bil ein rask og fleksibel stavekontroll, med korrekt handtering av samansette ord, og med gode høve til å få fram relevante forslag.