Leif Halvard Silli skreiv 31. mai 2017 11:36:
Så kva gjer me då? Jo, me (eg) tar turen til – nei, ikkje biblioteket, men til – «Med andre ord», 3. utgåve, av Magne Rommetveit. Og som synonym til «vennligst» står det der oppført «gjer så vel». /Ze mystery is solved/. Eg rettar skriptet.Det høyrest ut som du kjem til å leggja til «så». Men det med «så» var ikkje temaet i det eg skreiv. Difor litt spent på korleis du, på grunnlag av det du her har førevist, kjem til å retta teksten ...
Eg skreiv rett og slett feil (men tenkte rett) når eg siterte. Det var «gjer vel å» som står der, og det var det eg retta skriptet til å bruka.
Heile oppføringa i Rommetveit er «vennligst: gjer vel å, ver så venleg (snill, grei) å. ▶ /godhetsfull/».