Sigmund Hansen skreiv 07.10.2024 14:35:
Den 07.10.2024 14:21, skrev Kjetil Torgrim Homme:
... er Lemmy og Mastodon i same fedivers? og viss ikkje, er Allheimen tenkt for fediverset Lemmy omfattar, men ikkje Mastodon?
Fediverset er en ting, men ikke alle klienter/noder i Fediverset abonnerer på og publiserer de samme strømmene, ActivityStreams.
Og Lemmy og Mastodon er altså begge del av Allheimen (The Fediverse). Emneknaggen #allheimen (ev. med stor forbokstav) og #norsktut er mykje brukt for å identifisera norske innlegg på Mastodon.
Ein *kan* faktisk òg abonnera på («følgja») Lemmy-fellesskap (≈ subreddits) via ein Mastodon-klient. Er ikkje anbefalt, men det fungerer faktisk. Kvart «fellesskap» vil då fungera som ein «brukar» i Mastodon. «Kommentarar» på Lemmy vil framstå som «innlegg» på Mastodon. Merker ein eit innlegg som «favoritt» på Mastodon, vil det fungerer som ei «opp-røyst» på tilhøyrande kommentar på Lemmy. Ganske elegant, eigentleg.
Dette gjeld fleire sosiale medium i Allheimen. For eksempel vil PeerTube (≈ YouTube) òg fungera tilsvarande. Via Mastodon kan ein «følgja» ein videoprodusent på PeerTube. Kvar video vedkommande legg ut, vil framstå som ein «innlegg» i Mastodon. Og «svar» i Mastodon på innlegget vil framstå som «kommentarar» under videoen på PeerTube.
Det finst forresten òg ei alternativ brukarflate for Lemmy der alt framstår som eit diskusjonsform à la phpBB: https://github.com/LemmyNet/lemmyBB Ganske fiffig.
Det er gjerne ein fordel å bruka ein klient *tilpassa* mediet (eks. ein Lemmy-klient for Lemmy-diskusjonar og ein Mastodon-klient for Mastodon-abonnement), men ein er ikkje bunden til det.