su. den 06. 10. 2024 klokka 19.11 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 01.10.2024 18:04:
Både skrivemåten Allheimen og allheimen er mykje brukt. Eg tilrår Allheimen, dvs. at me behandlar det som eit særnamn, akkurat som Internett.
generelt brukar vi vel ikkje å omsetje eigennamn?
Tja, tenker du *generelt* for norsk eller spesifikt for teknologi? På norsk er det lang tradisjon for å omsetja nokre typar særnamn, eks. namn på land (Deutschland) og kunstverk (Måneskinssonaten).
det er kanskje ein lang tradisjon for det, men den er stort sett broten i dag? jf. at vi gjekk over til Belarus som namn, eller at vi kallar navigasjonssystemet BeiDou som på (transkribert) kinesisk, ikkje Karlsvogna.
eg vil tilpasse ordet til norsk grammatikk (dvs. gjere The om til -et) og kalle det "Fediverset". litt tilsvarande at vi la til ein "t" til Internet for at uttalen ikkje skal vere med lang e-lyd.
Og bra var det! Eg gjekk i fleire år og trudde det vart uttalt «intérnet». Dei første åra vart det nemleg skrive «internet» òg på norsk (usikker på om det var stor i) i bladet PC World Norge, som var einaste plassen eg (via mitt lokale folkebibliotek) fekk kjennskap til Internett. Eg tolka det sjølvsagt som bunden form eintal av det litt mystiske inkjekjønnsordet «intern» … ;)
hehehe.
kva er Lemmy eigentleg? er det ein Mastodon-implementasjon?
Nei. Kort forklart:
Lemmy ≈ Reddit Mastodon ≈ Twitter (altså X)
… Den engelske originalteksten er kanskje ikkje perfekt, men her er ikkje tydinga at Lemmy er føderert inni eit anna rammeverk*, men heller at kvar Lemmy-tenar kan «federate» med andre Lemmy-tenarar. Så viss du skriv eit innlegg på *din* Lemmy-tenar, kan eg likevel både lesa og kommentera på det sjølv om eg er på ein annan Lemmy-tenar. Dette i motsetning til Reddit, som er ei avsondra «øy».
- Men Lemmy brukar rammeverket ActivityPub, akkurat som Mastodon gjer.
er Lemmy og Mastodon i same fedivers? og viss ikkje, er Allheimen tenkt for fediverset Lemmy omfattar, men ikkje Mastodon?