Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no čálii:
On Thu, 2017-02-23 at 19:44 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Karl Ove Hufthammer skreiv 23. feb. 2017 19:38:
Veldig bra at det kom so mange forslag! Her er ei oppsummering i kronologisk rekkefølgje (skrik opp om eg har gløymt nokon):
No kom eg sanneleg på eit forslag til: koffert
Det er kort og fungerer bra som ein metafor: Det er ein mellombels plass ein oppbevarer ting når ein skal flytta dei frå ein plass til ein annan.
Det uheldige er at et kan forvekslast med Microsofts koffert- funksjonen som fanst (men ikkje fungerte spesielt godt) i tidlegare versjonar av Windows: https://en.wikipedia.org/wiki/Briefcase_(Microsoft_Windows) Er usikker på om dette er noko problem.
eg tenkte også på den kofferten, så er litt usikker.
Eg hadde iallfall aldri høyrt om Microsoft Koffert. Folk på denne e-postlista er nok over gjennomsnittleg kjende med ulike utdaterte tekniske termar, så eg ville ikkje vore veldig redd for at resten av verda skal ta den koplinga (og i så fall, gjer det eigentleg noko?).
Betre enn adjektivtydinga av «koffert» uansett =P (men sidan Microsoft tillét termen, så må det vel vera godkjend).