Karl Ove Hufthammer:
Send so inn desse filene til respektive mapper i KDE-SVN (hugs å bruka «svn add» for nye filer), la det gå ein dag eller so, slik at Scripty får oppdatert dei. Kopier so dei oppdaterte filene over til Skulelinux-SVN igjen. Hugs igjen «svn add» for nye filer.
Det ser ut til at Scripty berre gjer endringar i .po-filene når tilhørande .pot-filer vert oppdaterte. Dette er altso ikkje ei farbar løysing, slik eg først tenkte. (Spesielt sidan .po-filene våre ikkje har blitt synkronisert med KDE på lenge, og derfor trulig har «mista» nokre av endringane frå Scripty.)
Det ein bør gjera, er derfor heller å kjøra «msgmerge -U» på .po-filene våre, saman med dei *oppdaterte* .pot-filene, (kvar gong) før ein legg dei inn i KDE-SVN. Dette bør sjølvsagt automatiserast.