Laurdag 17. januar 2009 skreiv Åsmund Skjæveland:
Korleis skal papirstorleikar omsetjast? GTK+ inneheld ei lang remse med papirvariantar eg ikkje har høyrt om før.
A-, B- og C-seriane definerte i ISO 216, ISO 216 og ISO 269, samt DL-formatet, er uproblematiske. Eg veit ikkje om du bør ta med ein indikator for konvolutt- format, eks.: C6/5 (konvolutt). C-serien kan jo i teorien brukast til andre ting enn konvoluttar (sjølv om eg ikkje kjenner til eksempel der dette vert gjort i praksis). I utgangspunktet ville eg tatt med indikatoren.
Dei amerikanske papirformata Letter, Legal, Ledger og Tabloid skal *ikkje* omsettast (det er ein valig feil å setta om «Letter» til «Brev»).
Elles kan ting tyda på at lista ikkje brukar dei offisielle namna. Mon tru om ikkje dei med A0x2 meiner 2A0? Og skal det verkelig vera liten «o» i «oufuku»?
Elles får du berre prøva å søkja på nettet og sjå i kjeldekoden for å finna ut kva papirformata er og kva dei offisielle namna skal vera. Eg vil for eksempel tippa at «A4 tab» er A4-faneblad.