to. den 20. 10. 2022 klokka 19.54 (+0200) skreiv Petter Reinholdtsen:
[Axel Bojer]
https://ordbokene.no/bm/search?q=bit&scope=ei
Altså en 32-biters maskin iflg ordboka.
Det står da vittelig at både biter og bit i ubestemt flertall er korrekt, så en kan vel også si at ordboken sier 32-bits maskin er like korrekt. Eller leser jeg det feil?
"32-bits maskin" meiner eg er feil. det er ikkje genitiv - du ville ikkje sagt "32-bit sin maskin", og du kan ikkje ha ein fuge-s når det er delt inn i separate ord. altså: du kan seie åttebitsmaskin eller trettitobitsmaskin - men det må heite "ei 32-bit maskin" (der "32-bit" er å rekne som eit adjektiv).
(ja, maskin er hankjønn i normert nynorsk.)
forøvrig støttar eg Petter i at bit i datasamanheng er inkjekjønn. "eg har satt eit bit". for meg som nynorskbrukar slepp eg då også unna problemet med fleirtalsform, sidan alle inkjekjønnsord er like i eintal og fleirtal. "eit bit, bitet, fleire bit, bita". vi burde vel prøve å dokumentere tilstrekkeleg mange som er einige med oss slik at vi kan få oppdatert ordboka med faktisk bruk.