ikkje så ofte vi får meldingar frå denne roboten om 100% komplette omsetjingar -- bra jobba, Eivind :-)
Takk og takk. No har det vel like mykje med å gjera at det var eit bittelite program å omsetja, samt at eg kvir meg for å merke omsetjingar som uklåre :-)
Men frå fleip til hoggtenner: Hender det at nokon på eiga hand ser over omsetjingar som er sende inn? Eg for min del ville setja pris på om nokon retta på meg eller tipsa om utbetringar. Viss det er noko å plukke på, kan eg vel berre sende ny po-fil til roboten, som etter det han sjølv seier, er sers tolmodig med slikt.
Beste helsing
Eivind
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com