Hei,
Har gått over nynorsk omsetjinga av xmms på nytt, og har retta ein del småfeil. Det hjelp å la omsetjing ligge ein stund før ei brukar den :)
Eit ord som vi ta stilling til: skin
Eit god norsk ord ville vere ham, eller til nød skinn. Det verkar litt for enkelt å bruke det engelske ordet her.
Om noken vil kommentere omsetjinga, legg eg med språkfila. Og sidan eg såg at det ikkje var så mange på denne lista, så har eg ikkje så veldig dårleg samvit for det.
Ein førebels versjon av denne fila er allereide komen på plass i cvs-versjonen av xmms.