Måndag 25. april 2005 18:36 skreiv Axel Bojer:
| Men det eg *meinte* å seia, var at alle kakediagram burde utryddast!
Bare ikke de *ekte* kakene :-D (Som ikke behøver å havne i diagrammer).
Men hva gjør du etter folkemordet på kakediagrammene da? Lager søylediagrammer? Eller skal vi kaste ut alle statistikerne med det samme?
Kommentaren min var faktisk alvorlig meint. Det har blitt gjort eindel forsking på kakediagram (både empirisk og teoretisk, av statistikarar og psykologar), og konklusjonen er eintydig: Kakediagram bør *aldri* brukast. For kvar bruk av kakediagram, finst det eit anna diagram som kan presentera same informasjonen (mykje) betre og klarare.
Kakediagram blir utelukkande brukt av aviser, av lærarar, elevar og PowerPoint-misbrukarar som er imponert over seg sjølv fordi dei har funne fram til stilige, «profesjonelle» (gjerne tredimensjonale) kakediagram i MS Office, og av andre heilt utan kunnskap om visuell framstilling av numeriske data.
Det einaste som er verre enn kakediagram, må vera «tredimensjonale» kakediagram (og tredimensjonale diagram generelt).
Eg kan gjerne komma med referansar til vitskaplige artiklar og bøker viss nokon er interesserte.