Jamfør http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po
Eg spanderte eitt kvarter på å harelabbe gjennom denne omsetjinga, fordi eg såg så mange språkfeil der ;-)
Gjennomgangen min er mao. på ingen måte fullstendig.
Helsing Herman Ranes
Her er noko av det eg fann:
koda -> koden vindauger -> vindauge + verktylinje (dette er vel knot?) -> verktyline (betre enn verktøylinje) lenke -> (td.) lenkje Vis/gøym smartbokmerke komboboksa rame -> ramme [råme] bileter -> bilete + veljer -> vel forsetje -> fortsetje (betre: halde fram) innstallert -> installert Last den -> Last han/honom el. Last ho/henne noke -> noko eksisterar -> eksisterer og tenar-modus -> òg stemmer ikkje overeins -> samsvarar rapporterar -> rapporterer Aldri bruk -> Bruk aldri Kontrollerar -> Kontrollerer istaden for -> i staden for Tillat JavaScript-kode å bli køyrt -> køyrd opprete -> opprette Gå opp ein nivå -> eitt nivå Administrasjon a bileteblokkering -> av biletblokkering (to feil) * * førstegangs druiden -> førstegongs-druiden el. fyrste- tilleggsmodular -> programtillegg Yanko Kaneti -> Янко Канети (sannsynlegvis) frå her -> her(i)frå i frå -> ifrå Breidde -> Breidd stå time -> stå tomme Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting Opsett -> Oppsett ramer -> rammer
+ ikkje gjer det som er lett til noko som er vanskeleg. Fleirtalsbøyninga i nynorsk er heilt regelrett! :-)
Roy-Magne Mo wrote:
On Tue, Nov 06, 2001 at 03:21:33PM +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Eg har brukt fane i galeon, og synest det fungerar veldig bra.
Du finn omsetjinga på <URL: http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po >
Du finn sikkert mange like strengar her, om du skal bruke dei i mozilla.
Prøv den gjerne og kom med tilbakemeldingar.