Leif Halvard Silli via l10n-no skreiv 29.07.2026 11:52:
- Eg kan leva med avtrekkjarknapp. Men kva med avfyringsknapp eller
utløysingsknapp/utløysarknapp?
Eg er redd for at «avtrekkjarknapp» vert både for langt og for fysisk/konkret.
Avfyringsknapp er veldig nær knytt til avtrekkjarknapp. Utløysarknapp like så. Så ein kan assosiert på sane måte.
Tja, eg oppfattar iallfall «avfyringsknapp» som /meir/ knytt til skytevåpen. I spel er det gjerne heilt andre knappar enn «trigger button»-en ein brukar som avfyringsknapp (skyteknapp).
No er jo verken «trigger button» eller «avtrekkjarknapp» veldig gode ord, men når det først heiter «trigger button» på engelsk, er det rimeleg å ha ein norsk, lettforståeleg ekvivalent. Kortforma «avtrekkjar» er òg mogleg, men eg synest me bør vera konsekvente, og dei andre knappane har suffikset -knapp.
Utløysarknapp har den føremon at det fungerer utan -knapp, og utløysar er også eit av forklaringsorda for trigger i Ordbøkene.no. Jamvel om avtrekkjar er standard ord for mekanismen på eit gevær, er det heilt normalt å omtala han som utløysar òg.
Er det eigentleg det? Eg tok eit søk etter «på utløseren» i boksamlinga på Nasjonalbiblioteket, og så godt som alle bøkene eg fann, handlar om fotografering (og utløysarknappen på eit fotografiapparat). (Og eitt unntak eg fann, var ein giftgasspistol som var /kamuflert/ som eit kamera.) Og søk etter «på avtrekkeren» gjev derimot ~berre treff på skytevåpen.
Så eg held ein knapp (sic/sukk) på utløysar framfor avfyringsknapp.
Det som kan forsvara avtrekkjarknapp er dersom dei fleste i praksis skriv/seier «avtrekkjar» og ikkje «avtrekkjarknapp. Men eg trur ikkje me skal forventa at det kjem til å skje.
- Paddle er det engelske ordet for padleåre - så kvifor skal det
heita åreknapp på norsk?
Det er «paddle button» som er oppført som engelsk ekvivalent. Og etter det eg forstår, fungerer dei (vanlegvis) som vanlege knappar; det er berre utforminga og plasseringa som er annleis. Men kortforma «paddle» er mest brukt, så eg kan godt føra dette opp som alternativt engelsk namn.
Ei padleåre er kjenneteikna av at ho har åreblad i begge endar. Og du padlar ved å vekselsvis «ro» med venstre vs høgre padleåreblad.
Eg har lite røynsle med spelkontrollar (sjå punkt 3), men eit raskt blikk på ein video[#] fekk meg til å tru at det heiter «paddle» nettopp fordi dei ser ut og nyttar slike «knappar» litt som ei padleåre - dvs ved å veksla mellom å bruka venstre eller høgre «blad» av åra.
Det kjem av utforminga, ja. Her er eksempel på korleis dei ser ut:
https://www.amazon.com/Controller-Stainless-Material-Compatible-Wireless/dp/...
Men kva ein brukar dei til, varierer. Det er i utgangspunktet /ikkje/ noko veksling mellom venstre og høgre (med mindre ein faktisk spelar ei padlespel). Det er rett og slett snakk om nokre ekstra knappar som er plasserte på baksida av kontrollaren og som ser litt ut som årer.
Det kan sjå ut som at kvart sett av controller paddles vert omtala i fleirtal - kanskje det kan bli padleknappesett eller padleknappar på norsk.
I omsetjinga våre vil dei vanlegvis brukast i eintal, eks. «Høgre åreknapp».
For, ja, dette børe heita padleknapp på norsk.
(Åreknapp er berre åreplask/mageplask, spør du meg.)
- Fleirtal av kontrollar/kontroller.
Før var det tillate å skriva «sofaar» på nynorsk. Ein gjekk bort frå det fordi var såg so «awkward» ut... No lyt ein skriva «sofaer».
Det stemmer ikkje. Ordet «sofa» har valfri bøying «sofaer» og «sofaar» på nynorsk: https://ordbokene.no/nob/nn/71487
Det same må eg seia om «kontrollarar», og «kontrollerer» er ikkje mykje betre (og det er vel difor det heiter - kontrollere, utan -r, forresten, ha ha.)
Det er no ein gong slik bøyinga av hankjønnsord på -ar er på nynorsk. Det er vel fleire (barne)skuleelevar som strevd litt med kor mange ar-ar det er i fleirtalsord som for eksempel «lærarar» opp gjennom tidene. (Og verre er det med ord som «telefonsvararar» og «romfararar»!)
Spelkontrollarar er dømd til å tapa frå start...
Alternativa:
Mange nyare lånord frå engelsk, ser på norsk like ut i eintal og fleirtal: tanks, caps, etc. Det kan me kopiera her.
Eg synest at me anten kan nytta spelkontroll og bøya det på vanleg måte. Eller så kan me nytta spelkontrollar både i eintal og fleirtal.
Nei, me følgjer konsekvent offisiell rettskriving i omsetjingane våre. Og ordet /står/ i Nynorskordboka, og med denne tydinga:
https://ordbokene.no/nob/nn/128787
mekanisme eller eining som blir brukt til styring eller kontroll (1) av noko Døme: kontrollaren til spelkonsollen
I siste tilfelle vert det slik:
- spelkontrollar
- spelkontrollaren
- spelkontrollar
- spelkontrollarane
[*] https://youtu.be/0Kk5o--FzZ4?is=dfHU-JECwfYxTdpB
Leif Halvard Silli
Den 25. juli 2026 16:14:41 CEST, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no l10n-no@nuug.no:
Karl Ove Hufthammer via l10n-no skreiv 25.07.2026 13:26: Elles er Guide-knappen typisk knappen som har logo på seg. Så eg bør vel leggja til «Guide» på illustrasjonen også («Guide» er der den runde «PS»-knappen). Dette er no gjort. Har òg endra «triggerknapp» til «avtrekkjarknapp», lagt til «åreknapp» som omsetjing av «paddle button» og oppdatert illustrasjonsbildet og Plasma-skjermbildet («tommelspak» i staden for «analog styrespak»).