Slutt(punkt) er mest naturleg å nytta om noko som tidsmessig har ein slutt. Geometrisk o.l. er det meir naturleg med endepunkt.
Sluttpunkt (i motsetnad til endepunkt) har heller ikkje fått plass i www.ordbøkene.no.
Av desse grunnane ville eg gått for endepunkt i alle døma du nemner.
Leif Halvard Silli
Den 26. juni 2026 17:38:52 CEST, skreiv Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Kva kallar me «endpoint» på norsk, for eksempel «AWS endpoint». «Endepunkt», rett og slett?
Så vidt eg forstår, kan eit «endpoint» vera både ei nettadresse (til ei eller anna teneste som er tilgjengeleg via eit API) og ei fysisk eining som er kopla til eit nettverk. Men me kan kanskje bruka same omsetjing for begge delar?
Ordet vert òg brukt i teikne-/grafikksamanheng, eks. om der ei pil eller eit linjestykke sluttar (ev. òg startar). Der er det vel meir naturleg å snakka om «sluttpunkt» eller omskrivingar med «slutt» eller «ende». Eg ser for eksempel «endpoint colour» er omsett til «sluttfarge» (det var snakk om fargen på slutten av ein fargeovergang).
-- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ l10n-no mailing list -- l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email to l10n-no-leave@nuug.no