On Fri, 3 Aug 2018, Leif Halvard Silli wrote:
Ein kommentar:
On 3 Aug 2018, at 20:23, Thomas Gramstad wrote:
"Kommandotast" kan forveksles med Control-tasten på Linux. (Antagelig på Windows også.)
Det ser eg på som ein teori/hypotese. Slike forvekslingar kjenner eg ikkje til ifrå Mac. Når ein er kjent med at det både finst ein kontrolltast og ein kommandotast, så forvekslar ein dei ikkje. Då leitar ein i staden etter kva som er kva.
Mitt poeng var altså at noe så "snevert" som Mac ikke kan eller bør definere "resten av verden". Jeg bruker aldri Mac og aner ikke noe om tastene der.
Den tasten som brukes til spesielle kommandoer på Linux, i Emacs osv. er som regel Control-tasten.
Vi kan ikke ha tastenavn som er så uklare og forvirrende.
Thomas Gramstad
"Metatast" kan være Escape-tasten, Tab-tasten og andre ting.
"Spesialtast" er for vagt.
"Systemtast" og "OS-tast" kan gå.
Thomas Gramstad
Leif Halvard Silli
On Wed, 1 Aug 2018, Leif Halvard Silli wrote:
Fem framlegg:
kommandotasten
spesialtasten
supertasten
systemtasten
OS-tasten
I MacOS-verda plar me kalla det for kommandotasten. Det vert òg nytta
i skriftbilete - gjerne avstytt. Her er ein snarveg, på engelsk: Cmd-Shift-A. På eit Mac-tastatur har kommandotasten to påtrykte symbol. Til venstre på tasten: cmd . Til høgre på taste: sjåverdesymbolet/severdighetssymbolet (https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/Lover+og+regler/trafikkskilt/serv...). Kommandotast funger nokso sjølvforklarande.
- Samla sett vert 'ctrl', 'cmd', 'shift' (med fleire) i MacOS omtala som
'spesialtastar'. Likevel er eg ikkje framandfor å omtala 'cmd' som 'spesialtasten'.
- Eg er litt samd med Karl Ove i at supertast kan fungera. Men det lyt
innarbeidast. Men berre ein fær meininga inn i hovudet, bør det vera nokså intuitivt.
- Men sidan kommandotasten sin funksjon ofte er knytt til systemet
(linuxtast, windowstast), kunne gjerne 'systemtasten' vore eit litt nøytralt namn. Jamvel om Mac ikkje har nokon "mac-tast', så har Mac likevel ein operativsystemspesifikk kommandotast/spesialtast. I uttrykket 'systemtasten' kan ein også leggja det at systemtasten varierer litt i funksjon. Dermed kan ein leggja inn i uttrykket at ein meiner 'den spesialtasten som er operativsystem-avhengig'.
- Som variant av 'systemtasten', kan ein også tenkja på 'OS-tasten' -
altså 'operativsystemtasten'. (Ulempen med systemtasten og OS-tasten er at ein person som aldri har nytta noko anna enn MacOS gjerne ikkje vil koma på at kommandotasten er systemspesifikk.)
Metatasten er eg imot. Fordi: For å vita kva 'metatast' er for noko, må ein nesten vita kva 'metatast' er i Linux, Windows (og Emacs). Og for meg, kvar gong eg prøvde å læra meg Emac, var det ei mara å forstå om 'metatast' tilsvara Ctrl eller Cmd. Kvifor lurte eg på dette? Jau, fordi Ctrl er mykje viktigare i Windows enn i MacOS. I Windows vert Ctrl nytta i alle snarvegskommandoar (t.d. i Ctrl-A), medan me i MacOS nyttar kommandtasten for same sak (Cmd-A).
Leif Halvard Silli
On 26 Jul 2018, at 16:07, Yngve Spjeld-Landro wrote:
Hei! Kva er det best å kalla tasten med windowslogoen på? Alternativa eg har funne so langt er Super(-tasten) eller Meta(-tasten).
-- :-) Yngve Spjeld-Landro nynorsk - fordi du fortener det