Åsmund Skjæveland skreiv:
Rhythmbox-omsetjinga eg er i ferd med å vaska er skriven på e-verbsform. Dermed vert det mykje småpitl. Har tilfeldigvis ei driftig sjel laga eit automatisk verktøy som kan endra sannsynlege e-verb til a-verb?
Eg har ikkje eit skript, men det vil nok vera trivielt å laga eit sed-skript basert på Norsk ordbank. Prøv det. Men ver obs. på at du lett kan få falske positive, då det finst ein del adjektiv som er lik verb (for eksempel 'opne').