Rhythmbox-omsetjinga eg er i ferd med å vaska er skriven på e-verbsform. Dermed vert det mykje småpitl. Har tilfeldigvis ei driftig sjel laga eit automatisk verktøy som kan endra sannsynlege e-verb til a-verb?
Åsmund Skjæveland skreiv:
Rhythmbox-omsetjinga eg er i ferd med å vaska er skriven på e-verbsform. Dermed vert det mykje småpitl. Har tilfeldigvis ei driftig sjel laga eit automatisk verktøy som kan endra sannsynlege e-verb til a-verb?
Eg har ikkje eit skript, men det vil nok vera trivielt å laga eit sed-skript basert på Norsk ordbank. Prøv det. Men ver obs. på at du lett kan få falske positive, då det finst ein del adjektiv som er lik verb (for eksempel 'opne').
2010/7/4 Åsmund Skjæveland asmund.skjaveland@bio.uio.no:
Rhythmbox-omsetjinga eg er i ferd med å vaska er skriven på e-verbsform. Dermed vert det mykje småpitl. Har tilfeldigvis ei driftig sjel laga eit automatisk verktøy som kan endra sannsynlege e-verb til a-verb?
Viss du har lyst til å prøve apertium på dette kan du installere (apertium, lttoolbox, vislcg3 og) apertium-nn-nb som vist på http://wiki.apertium.org/wiki/Minimal_installation_from_SVN og køyre modusen nb-nn_a. http://wiki.apertium.org/wiki/Translating_gettext viser korleis ein køyrer apertium på gettext.
Det som er greit med denne metoden er at me får litt disambiguering (tolking av fleirtydige ord):
$ echo 'Skal du fiske? Skitt fiske!' | apertium nn-nn_a Skal du fiska? Skitt fiske!
Det som ikkje er så greit er at andre ting kan bli «normalisert» til apertium-standarden («speler» blir til varianten «spelar», «spela spor» til «spelte spor» [1]) og når programmet får feil tolking (t.d. pga manglande oppslagsord) kan det gå ut over andre ord i konteksten.
Men det kan jo vere moro å sjå om det gir noko resultat.
mvh, Kevin Brubeck Unhammer
[1] Sjølvsagt går det an å lage ein variant som held seg til t.d. Retningslinjene på skolelinux.no. Om nokon er glad i å markere sideformer i XML-filer kan eg gjerne leggje til ting i apertium.
2010/7/5 Kevin Brubeck Unhammer p.ixiemotion@gmail.com:
2010/7/4 Åsmund Skjæveland asmund.skjaveland@bio.uio.no:
Rhythmbox-omsetjinga eg er i ferd med å vaska er skriven på e-verbsform. Dermed vert det mykje småpitl. Har tilfeldigvis ei driftig sjel laga eit automatisk verktøy som kan endra sannsynlege e-verb til a-verb?
Viss du har lyst til å prøve apertium på dette kan du installere (apertium, lttoolbox, vislcg3 og) apertium-nn-nb som vist på http://wiki.apertium.org/wiki/Minimal_installation_from_SVN og køyre modusen nb-nn_a.
nn-nn_a skulle det vere (nb-nn_a gjer bokmål om til nynorsk med a-endingar)