Til orientering har eg no lagt til ein ny og forbetra sjekk i Pologys «check- rules» for å oppdaga e-infinitiv i nynorskomsettingane. Alle e-infinitiv der det ikkje finst homograf i andre ordklassar vert oppdaga.
Det tyder for eksempel at me kan oppdaga «lagre», men ikkje «opne», sidan «opne» òg kan vera eit fleirtalsadjektiv, som i «du har opne filer».
Til saman er det no 5722 e-infinitiv som vert oppdaga – mot 11 før. :-)