Eg held på med å omsetja Mozilla til nynorsk, og har no komen til den delen som omhandlar kryptologi (SSL, kryptering, digitale signaturar &c.). Dette er mildt sagt fælt å setja om, då det er mykje fagterminologi ute og går. Eg har so smått begynt på ei lita ordliste i denne samanhengen, som eg håpar eg kan få litt tilbakemelding på. Orda merka med * anar eg ikkje korleis eg skal setja om. Alle forslag er velkomne!
sertificate sertifikat key nøkkel encryption kryptering decryption dekryptering private key privat nøkkel public key offentleg nøkkel certificate authority sertifiseringsinstans trust tillit trusted stolt på cipher chiffer ciphersuite chiffersamling revoke(d) tilbakekalla verify stadfesta expired utgått på dato sign signera signer signerar *subject *(Relative) Distinguished Name *token *token password *step-up *status responder