Eg held for tida på med å omsetja Lemmy til nynorsk. Lemmy er kort forklart som Reddit, men på mange måtar betre (eks. fri programvare og såkalla «føderert»). Sjå https://join-lemmy.org/ for meir info.
På Lemmy skriv folk ulike innlegg, og ein kan velja å sortera oversikta over innlegg (og kommentarar på kvart innlegg) på ulike måtar:
Active Hot New Old Most Comments Top Day Top Week …
Det er omsetjinga av desse sorteringsmåtane eg er usikker på, spesielt kategorien «Hot». At noko er «hot», vil jo seia at det er «populært» eller «in», eller kanskje til og med «ferskt». Men desse ulike sorteringsmåtane har tekniske definisjonar, og både «active» og «hot» viser til «populære» innlegg, dvs. innlegg med høg skår, og det same gjer «Top»-kategoriane. Alt er detaljert forklart her: https://join-lemmy.org/docs/users/03-votes-and-ranking.html
Ei direkteomsetjing, til «Heite» (innlegg), er sjølvsagt mogleg, men det vert kanskje for unaturleg?
*Førebels* har eg valt «Populære». Ser dette òg vert brukt på dansk og svensk (og tilsvarande ord er brukte på fleire andre språk).
Så akkurat no ser lista slik ut på nynorsk:
Aktive Populære Nye Gamle Flest kommentarar Topp siste døgn Topp siste veke …
«Topp siste døgn» burde vel vore «På topp siste døgn», men det blir kanskje litt langt? (Det er snakk om alternativ i eit nedtrekksfelt.) På svensk brukar ein «Dagstoppen», og på dansk «Topp i dag» (som teknisk sett er feil, sidan tidsgrensa ikkje følgjer datoen). I mobilappen heiter det «Poppis idag» på svensk og «Populært i dag» på dansk.
«Topp» er jo ikkje heilt god norsk. «På topp» er betre. Eg likar eigentleg «Populært» som omsetjing av «Top», men det vert kanskje forvirrande når «Populære» («Hot») òg er ein kategori. Då ville ein kanskje tru at «Populære» er populære innlegg generelt, mens dag-, veke-, måndags- og år-variantane var tidsavgrensingar av slike innlegg.
Nokon som har synspunkt på kva sorteringsmåtane/-vektingane kan / bør / ikkje bør heita på norsk? Eg synest ikkje det er lett å finna uttrykk som både er naturlege og forståelege. Når det er sagt, så er jo dei engelske namna på sorteringsmåtane òg veldig dårlege/ugjennomsiktige!