Eg held for tida på med å omsetja Lemmy til nynorsk. Lemmy er kort forklart som Reddit, men på mange måtar betre (eks. fri programvare og såkalla «føderert»). Sjå https://join-lemmy.org/ for meir info.
På Lemmy skriv folk ulike innlegg, og ein kan velja å sortera oversikta over innlegg (og kommentarar på kvart innlegg) på ulike måtar:
Active Hot New Old Most Comments Top Day Top Week …
Det er omsetjinga av desse sorteringsmåtane eg er usikker på, spesielt kategorien «Hot». At noko er «hot», vil jo seia at det er «populært» eller «in», eller kanskje til og med «ferskt». Men desse ulike sorteringsmåtane har tekniske definisjonar, og både «active» og «hot» viser til «populære» innlegg, dvs. innlegg med høg skår, og det same gjer «Top»-kategoriane. Alt er detaljert forklart her: https://join-lemmy.org/docs/users/03-votes-and-ranking.html
Ei direkteomsetjing, til «Heite» (innlegg), er sjølvsagt mogleg, men det vert kanskje for unaturleg?
*Førebels* har eg valt «Populære». Ser dette òg vert brukt på dansk og svensk (og tilsvarande ord er brukte på fleire andre språk).
Så akkurat no ser lista slik ut på nynorsk:
Aktive Populære Nye Gamle Flest kommentarar Topp siste døgn Topp siste veke …
«Topp siste døgn» burde vel vore «På topp siste døgn», men det blir kanskje litt langt? (Det er snakk om alternativ i eit nedtrekksfelt.) På svensk brukar ein «Dagstoppen», og på dansk «Topp i dag» (som teknisk sett er feil, sidan tidsgrensa ikkje følgjer datoen). I mobilappen heiter det «Poppis idag» på svensk og «Populært i dag» på dansk.
«Topp» er jo ikkje heilt god norsk. «På topp» er betre. Eg likar eigentleg «Populært» som omsetjing av «Top», men det vert kanskje forvirrande når «Populære» («Hot») òg er ein kategori. Då ville ein kanskje tru at «Populære» er populære innlegg generelt, mens dag-, veke-, måndags- og år-variantane var tidsavgrensingar av slike innlegg.
Nokon som har synspunkt på kva sorteringsmåtane/-vektingane kan / bør / ikkje bør heita på norsk? Eg synest ikkje det er lett å finna uttrykk som både er naturlege og forståelege. Når det er sagt, så er jo dei engelske namna på sorteringsmåtane òg veldig dårlege/ugjennomsiktige!
Den 25.07.2023 15:33, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg held for tida på med å omsetja Lemmy til nynorsk. Lemmy er kort forklart som Reddit, men på mange måtar betre (eks. fri programvare og såkalla «føderert»). Sjå https://join-lemmy.org/ for meir info.
På Lemmy skriv folk ulike innlegg, og ein kan velja å sortera oversikta over innlegg (og kommentarar på kvart innlegg) på ulike måtar:
Active Hot New Old Most Comments Top Day Top Week …
Det er omsetjinga av desse sorteringsmåtane eg er usikker på, spesielt kategorien «Hot». At noko er «hot», vil jo seia at det er «populært» eller «in», eller kanskje til og med «ferskt». Men desse ulike sorteringsmåtane har tekniske definisjonar, og både «active» og «hot» viser til «populære» innlegg, dvs. innlegg med høg skår, og det same gjer «Top»-kategoriane. Alt er detaljert forklart her: https://join-lemmy.org/docs/users/03-votes-and-ranking.html
Ei direkteomsetjing, til «Heite» (innlegg), er sjølvsagt mogleg, men det vert kanskje for unaturleg?
*Førebels* har eg valt «Populære». Ser dette òg vert brukt på dansk og svensk (og tilsvarande ord er brukte på fleire andre språk).
Så akkurat no ser lista slik ut på nynorsk:
Aktive Populære Nye Gamle Flest kommentarar Topp siste døgn Topp siste veke
Ut frå innhaldet i lenka du viser til, bør dette vere gode omsetjingar. Eg har ingen forslag til forbetringar.
Litt flisespikkeri: Ut frå forklaringa på nettsida burde «Topp siste døgn» kanskje heite «Topp siste 24 timar» og tilsvarande for dei andre. Har sett i nokre program at det er knapp for «Dag/Døgn» = frå kl. 0:00 og «Siste 24 timar» = siste 24 timar.
Er samd i at «På topp …» er betre, men «Topp …» er også lett forståeleg. Trur det vil gå greit med «Mest populære siste døgn» og tilsvarande for dei andre, men veit ikkje om det er plass i nedtrekkslista. "Top All Time" -> «Mest populære i alt/totalt/til saman/gjennom tidene»?
Helsing Kolbjørn
…
«Topp siste døgn» burde vel vore «På topp siste døgn», men det blir kanskje litt langt? (Det er snakk om alternativ i eit nedtrekksfelt.) På svensk brukar ein «Dagstoppen», og på dansk «Topp i dag» (som teknisk sett er feil, sidan tidsgrensa ikkje følgjer datoen). I mobilappen heiter det «Poppis idag» på svensk og «Populært i dag» på dansk.
«Topp» er jo ikkje heilt god norsk. «På topp» er betre. Eg likar eigentleg «Populært» som omsetjing av «Top», men det vert kanskje forvirrande når «Populære» («Hot») òg er ein kategori. Då ville ein kanskje tru at «Populære» er populære innlegg generelt, mens dag-, veke-, måndags- og år-variantane var tidsavgrensingar av slike innlegg.
Nokon som har synspunkt på kva sorteringsmåtane/-vektingane kan / bør / ikkje bør heita på norsk? Eg synest ikkje det er lett å finna uttrykk som både er naturlege og forståelege. Når det er sagt, så er jo dei engelske namna på sorteringsmåtane òg veldig dårlege/ugjennomsiktige!
Kolbjørn Stuestøl skreiv 25.07.2023 20:55:
Aktive Populære Nye Gamle Flest kommentarar Topp siste døgn Topp siste veke
Ut frå innhaldet i lenka du viser til, bør dette vere gode omsetjingar. Eg har ingen forslag til forbetringar.
Litt flisespikkeri: Ut frå forklaringa på nettsida burde «Topp siste døgn» kanskje heite «Topp siste 24 timar» og tilsvarande for dei andre.
Eg meiner «døgn» er greitt på norsk (på engelsk har dei jo ikkje noko ord for døgn). Nynorskordboka listar opp to tydingar, «tidsrom på éin dag og éi natt» (altså frå midnatt til midnatt», slik eg tolkar det) og «24 timar». Eit av eksempla der er «eg var sjuk i fire døgn», og då meiner ein jo ikkje nødvendigvis at ein starta på sjukdomsperioden akkurat ved midnatt.
Eg føretrekker «døgn» framfor «24 timar» sidan det er litt kortare og er på same form som dei andre (eks. «siste veke», ikkje «siste 168 timar»).
Er samd i at «På topp …» er betre, men «Topp …» er også lett forståeleg. Trur det vil gå greit med «Mest populære siste døgn» og tilsvarande for dei andre, men veit ikkje om det er plass i nedtrekkslista. "Top All Time" -> «Mest populære i alt/totalt/til saman/gjennom tidene»?
Eg har endra «Topp» til «På topp». Dei andre alternative går òg, men vil jo helst ha det kort («Mest populære […]» vert *veldig* langt). For «all time» har eg førebels valt «nokosinne». Men «gjennom tidene» er heller ikkje dumt. For sjå korleis det vert sjåande ut i praksis når neste versjon kjem ut (alle dei cirka 2600 orda er no ferdigomsett til nynorsk + rundt dei 700 orda for mobilappen Jerboa).