la. den 04. 08. 2012 klokka 23.15 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Til orientering har eg no oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology med dei siste endringane i Norsk ordbank, frå 2012-02-29.
Og i dag kom nye fullformsordlister, som skal vera i tråd med den nye nynorskrettskrivinga. Det ser ut til at orda og formene som har gått ut av rettskrivinga no er merkte som «unormert» i ordlistene, noko som er *veldig* fint for oss, sidan me kan kjøra automatiske sjekkar for å luka dei ut i omsettingane.
Og i tillegg til før lovlege former har det komme inn heilt *nye* former merkte som «unormert». Dette gjeld ein haug -ing-ord, for eksempel «dronninger» og «åtvaringene». Veldig nyttig for oss dette òg.
Eg har oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology. Fullstendig oversikt over endringane finn de på:
http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1312606