Til orientering har eg no oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology med dei siste endringane i Norsk ordbank, frå 2012-02-29.
Det er ein del endringar, spesielt for ord som før var merkte som hovudformer men som no er retta til klammeformer eller «unormert».
Fullstendig oversikt over endringane finn de på
http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1309335
la. den 04. 08. 2012 klokka 23.15 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Til orientering har eg no oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology med dei siste endringane i Norsk ordbank, frå 2012-02-29.
Og i dag kom nye fullformsordlister, som skal vera i tråd med den nye nynorskrettskrivinga. Det ser ut til at orda og formene som har gått ut av rettskrivinga no er merkte som «unormert» i ordlistene, noko som er *veldig* fint for oss, sidan me kan kjøra automatiske sjekkar for å luka dei ut i omsettingane.
Og i tillegg til før lovlege former har det komme inn heilt *nye* former merkte som «unormert». Dette gjeld ein haug -ing-ord, for eksempel «dronninger» og «åtvaringene». Veldig nyttig for oss dette òg.
Eg har oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology. Fullstendig oversikt over endringane finn de på:
http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1312606
to. den 23. 08. 2012 klokka 19.39 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg har oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology. Fullstendig oversikt over endringane finn de på:
Det har komme ny versjon av fullformsordlistene tidlegare denne månaden. Eg har igjen oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology:
http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1321590
la. den 20. 10. 2012 klokka 11.59 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Det har komme ny versjon av fullformsordlistene tidlegare denne månaden. Eg har igjen oppdatert klammeforms- og e-infinitivslistene i Pology:
Ditto for februar 2013:
http://websvn.kde.org/?view=revision&revision=1338624