* Karl Ove Hufthammer (11. mai 2008 20:54):
For min eigen del kunne eg tenkt meg ein eiga læreboknormalversjon av nynorskordlista (på bokmål er som kjend læreboknormalen oppheva). Det burde vore trivielt å få til, då info om kva som er hovudformer og kva som berre er klammeformer er lagra i ordbanken.
Sist eg sjekka var det berre klammeformer i bøyingsverket som var merka i ordbanken, til dømes er "jentor" klammeform for "jenter". Klammeformer som gjeld skrivemåtar var ikkje merka, til dømes er ikkje "drøm" merka som klammeform for "draum".
Eg har arbeidd med mitt eige prosjekt: ein fullstendig nynorsknormal innanfor læreboknormalen utan valfrie former. Sjå:
Arbeidet er ikkje heilt ferdig, men du finn dei fleste orda med søkjefunksjonen. Det gjenstår berre å leggje inn bøyingsmønster for nokre titals verb, så er databasen komplett. Ein databaseeksport skal gjerast tilgjengeleg når eg har kome i mål.
Denne ordlista vil vera nyttig ved korrekturlesing av omsettingane våre.
Til dette vil ikkje nynorsk.org-lista vere nyttig anna enn om ein vel å halde seg til nynorsk.org-normalen. Det må bli eit personleg val for kvar einskild omsetjar.
Erik