On 25. mars 2015 00:23, Kjetil Kilhavn wrote:
Men eg står på mitt forslag, og synest SAMANDRAG passar bra. MENGD(E) er *ikkje* eit godt namn på funksjonen, sjølv om norsk Excel har brukt det.
Aggregering er et etablert uttrykk innen statistikken. Jeg synes det bør veie tungt i vurderingen her som i andre sammenhenger der vi prøver å ikke forvirre brukerne ved å introdusere nye begreper om vi ikke må.
Trur eg eg kan uttala meg med litt tyngd her, sidan eg har ein ph.d.-grad i statistikk. :) Aggregering er eit omgrep som ikkje so mange «vanlege» folk forstår. Eg pleier å forklara at det tyder å «ta eit samandrag» av data, eller å visa data «på gruppenivå», og då forstår dei. So eg meiner framleis SAMANDRAG er eit godt namn på funksjonen. Ordet AGGREGER tilfører ikkje noko presisjonsnivå, og er vanskelegare å forstå.