Onsdag 11. februar 2004 20:59 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Mitt forslag er altso:
Når påslått vil menylinjen i utgangspunktet være synlig. Du kan også bruke «Vis | Vis menylinje» til dette.
Eg har av og til brukt noko slikt:
«Her kan du velja om menylinja skal vera synleg ...»
Med denne formuleringa kjem det for så vidt ikkje fram at menylinja er synleg når funksjonen er på (og usynleg når av), men det er kanskje rimeleg opplagt likevel? Eg synest iallfall språket flyt meir naturleg her.
Merk for øvrig standardisert skrivemåte for menyval: «Meny | Undermeny | Menyval». Eg trudde dette sto i retningslinjene "http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html", men det gjer det visst ikkje. (Det mest relevante er avsnittet «Referering til kommandoar».)
Trur ikkje eg har sett den skrivemåten før, men det er sant at me bør standardisera på noko. Eg har ofte brukt «Meny - Undermeny - Menyval». (Ein annan strek enn bindestrek kunne kanskje vore ønskjeleg, men visse teiknsett er jo litt primitive.) Eg synest iallfall dette er nokså reint og pent, og ser ingen grunn til å etterlikna piler med ->.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes