Eg har prøvd å fylgja litt med på omsetjinga av Android til nynorsk, og det finst ein sak for dette her: https://issuetracker.google.com/issues/160714156 Slik eg skjønar det, har Google full kontroll på Android, så det må godkjennast av dei for at omsetjinga i det heile skal setjast i gang.
For ti år sidan byrja eg å prøva å omsetja bokmålsversjonen av CyanogenMod Android på eiga hand, som eg teoretisk sett kunne kompilera og leggja inn på min eigen telefon. Sjølv om eg omsette heile Settings-appen kjapt ved hjelp av Apertium, fekk eg ikkje opp nynorske ord. Dessutan kunne eg ingenting om programmering, så eg var nokså hjelpelaus. Eg sende òg rundt 2011 eit brev i posten til Google Norge om dette, men fekk, ikkje overraskande, aldri svar. Eg er heilt samd i at nynorsk Android er ei særs viktig sak, og det har det vore i over ti år, utan at noko har hendt. Dette burde nok Mållaget og Målungdomen leggja mykje meir press på Google for å få til, og eg trur det med dei og media at me kan få framgang her.
Når det gjeld annan omsetjing til nynorsk, trur eg ikkje Mållaget skulle tilsetja folk for å omsetja fri programvare. Eg har ingenting med skuleverket å gjera, så eg berre gissar, men eg trudde Skulelinux var nokså utdatert og uaktuelt å gjenoppliva for å få inn i skulen. Er det ikkje for mykje pengar involvert for dei store forlaga som lagar programvare som vert nytta i skulen? Kan nokon fortelja litt om korleis stoda er og kva elevane nyttar no til dags? Det går vel mykje i nettbrett?
Helsing Ola Haugen Havrevoll (leiar i Nidaros Mållag)
ons. 9. feb. 2022 kl. 11:01 skrev Eivind Ødegård eivind.odegard@sogn.no:
Den 09.02.2022 10:46, skreiv Øystein Steffensen-Alværvik:
Android er jo bygd opp av både open kjeldekode frå «Android Open Source
Project» («AOSP»), samt Google sine proprietære løysingar (dette gjeld for så vidt også Chrome).
Det er vel AOSP som må koma fyrst. Andre og meir velrøynde omsetjarar kan sikkert svara på kvifor me ikkje har eit nynorskprosjekt for AOSP, men eg mistenkjer at det er slik eg skriv: Miljøa er for små (rett meg viss eg tek feil). Me treng at td. Mållaget sjølv tilset omsetjarar som jobbar med nynorsk, kvensk og samiske språk på fulltid. AOSP bør vera ein grei stad å byrje, tenkjer eg.
Helsing Eivind
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org