Tysdag 13. november 2001 18:06 skreiv Andreas Landmark:
At 13.11.2001 14:18, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Mykje arbeid er det uansett, men ein del kan nok automatiserast. «Desse» er rettast og er visst heilt trygge å bruka. Dei er og vanskelegast å automatisera, men det let seg nok gjera.
en reg-exp av typen erstatt ':alfanum: med «:alfanum: og :alfanum:' med :alfanum:», pluss at en må vel og erstatte " (og ikke ") med « osv.
Ein må passa på å berre endra msgstr, *ikkje* msgid. Når " er ein del av HTML-kode (<a href="...) må det sjølvsagt få stå. Om ein passar på desse unntaka, trur eg det skal gå greitt. Du (eller andre) må gjerne snekra saman ein kodesnutt som fiksar dette.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes