Hei
I GNOME er det vanleg at kopieringsløyvet til GPL står i «Om»-dialogvindauget til eit program og teksten er omsettbar. Problemet er at for augneblikket finst det fleire variantar av kopieringsløyvet på nynorsk der nokre har openbare feil (t.d. så blir «betingelsene» brukt i ein variant). Eg ønskjer ofte at ein offisiell og «rett» variant blir lagt ut på Skolelinux' nettstadar for å få bukt med alle dei forskjellege variantane.
Sendte dette til begge listene sidan eg går ut i frå at bokmål òg har bruk for ein slik omsetting.
Kopieringsløva til GPLv2 på engelsk:
<This program> is free software; you can redistribute it and/or modify it under the terms of the GNU General Public License as published by the Free Software Foundation; either version 2 of the License, or (at your option) any later version.
<This program> is distributed in the hope that it will be useful, but WITHOUT ANY WARRANTY; without even the implied warranty of MERCHANTABILITY or FITNESS FOR A PARTICULAR PURPOSE. See the GNU General Public License for more details.
You should have received a copy of the GNU General Public License along with <This program>; if not, write to the Free Software Foundation, Inc., 51 Franklin St, Fifth Floor, Boston, MA 02110-1301 USA
Ein variant:
<Dette programmet> er fri programvare. Du kan redistribuera og/eller endra programmet under vilkåra gjevne i GNU General Public License som utgjeven av Free Software Foundation; anten versjon 2 av lisensen, eller (viss du ønskjer det) ein kvar seinare versjon.
<Dette programmet> vert distribuert i håp om at programmet er nyttig, men utan NOKA FORM FOR GARANTI, ikkje eingong ein implisitt garanti om at det er SALBART eller PASSAR TIL EIT VISST FORMÅL. Sjå GNU General Public License for fleire detaljar."
Du skal ha motteke ein kopi av GNU General Public License saman med <dette programmet> Viss ikkje så skriv til Free Software Foundation, Inc., 51 Franklin Street, Fifth Floor, Boston, MA 02110-1301 USA.