Onsdag 21. april 2004 20:52 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eg er ikkje heilt einig med alle formene heller, men synest det meste er OK. Her er dei formene eg mindre begeistra for:
(besøkje, ikkje vitje) gi, ikkje gje oppførsel, ikkje åtferd svært, ikkje særs vi, ikkje me
Ikkje meg imot. (På skulen får vel elevane framleis karakter i orden og *åtferd*?)
Eg vil helst ha med «handsama», «verta» og «gje»,
Og «handsama» er vel det ordet som blir *brukt* i administrativ nynorsk? (Eg har vakse opp med kommunestyremøte på lokalradioen. ;)
Javisst, og «teksthandsaming» er visst ikkje heilt uvanleg det, heller. Dette er faktisk eitt av dei få tilfella der me har fått fleire tilbakemeldingar på at me har lagt oss for nært bokmål. :)
(«vart» er offisiell preteritumform av «å bli»).
Det var eg ikkje klar over.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes